Bilettekst: Albert Jan Maat frå Nederland er valt til ny leiar for EU-bøndene sin fellesorganisasjon, COPA.Albert Jan Maat tek over frå tyske Gerd Sonnleitner. Maat er leiar for det nederlandske bondelaget, LTO, sidan 2007. Frå 1999 til 2007 sat han i Europaparlamentet. Han er ikkje sjølv bonde.

 

Maat seier han vil prioritere arbeidet med å gjennomføre den nye landbruksreforma, få landbruk høgt på dagsordenen på neste års EU-val, og å få til ei god avtale for bøndene i frihandelsforhandlingane mellom EU og USA: - Før vi ein gong kan byrje å snakke om å redusere tollvernet, må USA respektere våre produksjonsstandardar, seier Maat.

 

Det vart vald 6 visepresidentar frå Frankrike, Nord-Irland, Spania, Ungarn, Polen og Latvia.

 

Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke har ei partnaravtale med COPA-COGECA. Denne inneber at vi kan delta som observatørar i arbeidsgrupper med EØS-relevans og andre relevante møte i COPA-COGECA-regi. COGECA er fellesorganisasjonen for samvirkeorganisasjonar. COPA og COGECA har kvar sine presidentar, men felles organisasjon i Brussel.