Berit Hundåla heldt innlegg om samvirket si rolle i Noreg. Ho er styremedlem frå Europa i World Farmers´Organisation, foto: Hildegunn Gjengedal.Italias president opna møtet og Berit Hundåla heldt innlegg om samvirka si rolle i Noreg.

Framtidas yrke


- Landbruk er framtidas yrke. Den er motoren bak vekst. Det sa Italias president, Giorgio Napolitano då han opna generalforsamlinga i WFO.
World Farmers´Organisation vart stifta for eit år sidan, og hadde si fyrste generalforsamling i Sør-Afrika i september. Då vart Berit Hundåla valt til styrerepresentant for Europa for to år. Hovudsetet er i Roma, og der var også der årets generalforsamling. Organisasjonen har rundt 50 medlemmer frå rundt 40 land. Stadig nye land kjem til. Berre i løpet av dei to siste månadene har medlemstalet auka med 30%. Mellom medlemslanda er Zambia, Kenya, Japan, USA, Canada, Storbritannia, Tyskland, dei skandinaviske landa, Australia og New Zealand. Både Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er medlemmer.

Organisering verkemiddel mot kjedemakt
 

Under årets generalforsamling var innlegga konsentrert om klima, matsikkerheit og matkjedeproblematikk. Mellom innleiarane var direktøren i FNs matvareorganisasjon, presidenten i Verdas matvareprogram og representantar for Verdas Meteorologiske Institutt, i tillegg til fleire representantar frå bonde- og samvirkeorganisasjonar. WFO vedtok også tre politiske dokument om desse tema. I dokumentet om matkjede blir det mellom anna peika på at daglevarekjedane får stadig meir makt, og at organisering av bønder er eit viktig verkemiddel for å stå imot presset frå daglevarehandelen. Det blir også peika på at regulering av forholda i verdikjeden for mat kan vere positivt. Behovet for auka investering i landbruket og særleg kvinner i landbruket blir framheva i dokumentet om matsikkerheit, medan landbruket si rolle i å takle klimaendringar blir framheva i det politiske dokumentet om klima.

Ei felles stemme for verdas bønder


- Eg er veldig godt nøgd med årets generalforsamling. At så mange kom var ei gledeleg overrasking. Talet på medlemmer veks stadig, og det er viktig at vi no har medlemmer frå alle verdsdelar. Det er avgjerande å ha ei felles stemme for verdas bønder. Vi merkar stor interesse for å delta på møter . Det er tydeleg at vi fyller eit hol. Til dømes har vi 20 delegatar som skal delta på Rio-konferansen i slutten av månaden.
Neste år er generalforsamlinga i Japan. President Robert Carlson i WFO kjem rett frå generalforsamlinga i WFO for å halde innlegg på årsmøtet i Norges Bondelag 13.juni.

Meir om organisasjonen WFO

Kontaktperson i Norges Bondelag: Berit Hundåla