Nå kommer biografien om Jon Leirfall
Bondelagets styremedlem Trine Hasvang Vaag deltar under lanseringen av biografien om Jon Leirfall.
Lanseringa skjer i Stjørdal bibliotek i kveld, tirsdag 2. oktober. Det er Kjell Håve som har forfattet boka om Leirfall: "Heller storm enn stille. Jon Leirfall - meir enn seksti politiske år."
Jon Leirfall (1899-1998) var sentral i norsk politikk i meir enn seksti år, gjennom Bondelaget, Bondepartiet og Senterpartiet. Han var skarpskodd debattant, strateg, forfattar av historiske verk og sogebøker, omstridd og respektert. Kjell Håves biografi er veldokumentert, og går grundig inn på dei urolege trettiåra og den sentrale rolla Leirfall spelte både før og etter Quisling var forsvarsminister i Bondepartiets regjering og Leirfalls tid som flyktning i Sverige under andre verdskrigen. Historikaren Kjell Håve skildrar kampen for partiet og til dels mot Per Borten, Kings Bay-krisa og andre stortingsdebattar, og ikkje minst den omfattande forfattarskapen etter at Jon Leirfall gjekk ut av Stortinget i 1969.
På programmet for kvelden står kåseri av biografen Kjell Håve, helsingar frå Norges Bondelag og Senterpartiet, diktlesing, song og sjølvsagt god kaffi.
Kontaktperson i Norges Bondelag: Trine Hasvang Vaag