– Arbeiderpartiet kom med mange gode forslag til tiltak på daglegvaresektoren i Stortingsmeldinga som gjekk i Stortinget i fjor. Desse må settast ut i livet snarast. Det sa leiar Bjørn Gimming då Bondelaget møtte næringsminister Jan Christian Vestre.

Gimming løfta særleg fram behovet for betre konkurransevilkår på distribusjon og EMV, at rabatten må følgje varen heilt ut til kunden og at det nye Daglegvaretilsynet må styrkast.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet hadde mange gode merknader til Stortingsmeldinga om daglegvaresektoren.

Gimming peikte på at god konkurranse i verdikjeda for mat er heilt avgjerande for den norske bonden. I dokumentet statsråden fekk i møtet, vart det løfta fram at dagens system er prega av tre kjedar som portvakter inn mot kunden som har kontroll med store deler av verdikjeda og tek makt og inntekt frå bonde og samvirke. Bonden blir låst inne i eit system der han/ho ikkje kan velje avtakar eller distributør. Sektoren er prega av uryddige forhold og eigne merkevarer er eit spesielt stort problem.

– Eigne merkevarer må merkast mykje betre, sa Gimming.

Sterkt importvern særleg viktig no

Gimming fortalde om den vanskelege situasjonen i landbruket akkurat no, og at importvernet berre blir enno viktigare. Det handlar og om korleis inntekta til bonden kan løftast.

– Det er utruleg viktig at Noreg ikkje gir nye innrømmingar i handelsavtaler med andre land. Vi har sett ein voldsom auke i importen siste åra, vi må ikkje gi meir, sa Gimming. Førebelse tal for 2021 viser at importen av landbruksvarer er på nesten 90 mrd kr, mot 83 mrd i 2020 og 71 mrd i 2019. I år 2000 var importen på 16,6 mrd kr.

Gimming vektla også at det for den norske bonden er innanlandsmarknaden som er det sentrale og der samfunnsoppdraget ligg.

Bondelaget fortalde også om kor langt framme norsk landbruk er i bruk av nye teknologiar. – Norge er eit føregangsland på grøn landbruksteknologi.

Godt motteke

Bjørn Gimming meiner Vestre tok godt imot bodskapen og var godt kjend våre argument.

– Han er positivt innstilt til landbruket og viste stor interesse for å legge forholda godt til rette for norsk produksjon. Arbeidarpartiet har lenge pressa på for tiltak i verdikjeda, no må dei berre levere. Og dei gode formuleringane om sterkt importvern i Hurdalsplattformen må følgjast opp, seier Gimming.