- Kontakten med publikum var god, og vi fekk vist oss fram som ein utadvendt organisasjon, fortel fylkesleiar Clara Hveem i Hordaland Bondelag som i helga var med på Matfestivalen i Bergen.

Fleire av dei som stoppa opp,var spesielt opptekne av jordvern, og uroa for nedbygginga av matjord. Landbruksquizen var populær og husdyrbøkene frå den Grøne skulen gjekk unna. Den flunkande nye John Deer-traktoren vi lånte av Felleskjøpet, skapte også mykje merksend, og mange born syntes det var kjekt å få klyva opp i førarhuset.

Fylkeslaget var også involvert i andre ting på matfestivalen. Clara Hveem var med på opninga og Liv Spilde delte ut pris til vinnaren av Ganefart 2012, Bekkjarvik Gjestgiveri. Liv stod for utdelinga i kraft av vervet som leiar av Hordaland Bygdekvinnelag.  
 

Les og: Matfest med ekte smakar 


Populært å "prøve" traktor.

Mange svarde på landbruksquizen.

Diskusjon om jordvern: - Dei må erstatte like mykje som dei tek.

Husdyrbøkene frå den Grøne skulen gjekk unna.
 

Pust i bakken.