I går, tysdag, var jordbrukets forhandlingsutval med representantar frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ferdige med å gå igjennom tilbodet frå staten til årets jordbruksoppgjer. Klokka 12.30 fekk staten beskjed om at jordbruket ville setje seg ved forhandlingsbordet, og deretter starta dei første møta mellom partane.

I går og i dag har staten og bondeorganisasjonane sete i lag og gått igjennom punkt for punkt i tilbodet og kravet for å finne grunnlag for forhandlingar. I denne fasen av forhandlingane stiller begge partane med fulle delegasjonar, det vil seie at alle medlemmane i forhandlingsutvala samt fagmedarbeidarar frå administrasjon og embedsverk deltar. Desse møta vil truleg halde fram heile torsdag. Dersom gjennomgangen av tilbud og krav viser at det er moglegheit til å forhandle, går partane til reelle forhandlingar. Når det blir klart, veit vi så langt ikkje.

- Eg forventar ein betydeleg forhandlingsvilje frå regjeringa. Stortinget har vedtatt at vi skal ha eit landbruk over heile landet, og då må vi sikre lønsemda på dei små og mellomstore bruka for å hindre at jord går ut av drift, sa jordbrukets forhandlingsleiar og leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, då han tysdag varsla staten om at jordbruket går til forhandlingar.

Årets jordbruksforhandlingar skal vere avslutta til måndag 15. mai.