Hans Ulberg i Sør-Fron har opna fjøset sitt for NRK, 24 timar i døgnet. Her blir han intervjua av Fjosstudio, sendinga som går kvar dag klokka 14.00. Skjermdump frå nrk.no

NRK er etterkvart kjent for sine satsingar på sakte-tv. Måndag starta #nrkfjos, der sjåarane får følgje livet i fjøset til Hans Ulberg i Sør-Fron minutt for minutt i to veker. Ulberg har eit lausdriftsfjøs med mjølkerobot, og med fire kamera følgjer NRK mjølkeproduksjonen minutt for minutt:Eitt kamera følgjer livet i fjøset, eitt kamera følgjer dyra som er på beite, eitt kamera følgjer med på kalvane Odd og Aasmund og eitt kamera filmar mjølkeroboten.

– Det er litt skummelt, men samtidig føler eg eit ansvar for å syne fram korleis livet på ein gard faktisk er, seier gardbrukar Hans Ulberg til NRK.

Kyrne Dagros, Klara, Rosa og Staslin blir følgd spesielt tett av NRK-produksjonen. To av kyrne kjem truleg til å kalve i løpet av tv-sendinga, mens ei av kyrne snart skal sendast til slakt.

Sjåarane kan stille spørsmål undervegs og så langt har det vore eit stort engasjement for tv-sendinga. Kvar dag klokka 14 er det Fjosstudio med gjestar frå fjøset, og det vil mellom anna blir politisk debatt derifrå med landbruksminister Jon Georg Dale og SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Vi oppmodar våre medlemmar til å dele bilde frå sin kvardag i landbruket med NRK under emneknaggen #nrkfjos.