Mattilsynet har tatt prøver av ei svinebesetning i Nord-Trøndelag etter mistanke om LA-MRSA, antibiotikaresistente gule stafylokokkar. Besetninga er pålagt restrikasjonar og kan ikkje føre dyr inn og ut av garden før dei har fått svar på kontrollprøvene.

Prøvene blir undersøkt av St. Olavs Hospital i Trondheim, og det vil komme svar tidlegast i midten av neste veke. Mattilsynet kartlegg no kontaktbesetningar til den aktuelle svinebesetninga. Eventuelle kontaktbesetningar vil bli varsla, tatt prøver av og pålagt restriksjonar. 

Antibiotikaresistente gule stafylokokkar LA-MRSA hos gris vart påvist første gong i Noreg i 2011. Alle norske svinebesetningar med ti eller fleire purkar vart testa for dette i fjor vår, og berre ei av dei nesten 1000 besetningane var smitta av LA-MRSA. Tidlegare har det vore påvist i 25 svinebesetningar her til lands etter systematisk prøvetaking. Alle desse besetningar har blitt sanert.

Dersom det viser seg at den aktuelle svinebesetninga i Nord-Trøndelag er smitta av LA-MRSA, vil også den bli slakta ned.

Dyreassosiert MRSA sprer seg mellom besetningar ved flytting av dyr, men kan også bli spredd via personar og forureinsa gjenstandar, inkludert dyrebilar. Smitta kan ikkje spre seg frå dyr til menneske via kjøtt og kjøttprodukt.