Morelltrea i Lærdal etter flaumen. - Det tok eit par dagar før eg kom meg, sa fruktbonde Arne Slogvik då han viste fram matjorda si som er øydelagt av flaum. Den eingong så fine matjorda er no fylt av stein og frukttrea er øydelagt.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug, leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, besøker i dag bønder i Sogn som fekk store produksjonsareal øydelagt etter flaumen for nokre veker sidan. Første stopp var Voll og Tønjum i Lærdal. Der har om lag 25 mål med nyplanta morelltre og bringebærbuskar gått tapt. I tillegg har det komme mykje lausmasse i lakseelva, som er ei inntektskjelde for mange bønder.

Arne Slogvik og Rikard Lysne er frukt- og grønnsaksbønder i Lærdal. I dag viste dei fram øydeleggingane etter flaumen.

- No hastar det mest å få på plass eit nytt vanningsanlegg. Vi må få takst før jul dersom dette skal stå klart til 1. mai neste år, sa frukt- og grønnsaksbonde Rikard Lysne.

- Vi må få moglegheiten til å beskytte utmarka fordi den kan gje problem seinare ved flaum. NVE må leggje ein totalplan for sikring av areala våre, sa Lysne til statsråd Sylvi Listhaug.

Bøndene i Lærdal understreka også at erstatninga må gjelde all jord som har verdi for bonden sin produksjon, ikkje berre den reine matjorda.

Slik ser det ut etter at flaumen herja i Lærdal. Om lag 25 mål med morelltre har gått tapt.

Listhaug lover fortgang

- Den største utfordringa er vanninga og vi må få fleire takstmenn på saka slik at grunnlaget er på plass og Landbruksdirektoratet kan starte jobben. Eg reknar med 300 erstatningssøknader her, sa Sylvi Listhaug.

- Forskotsutbetalingane skal komme så raskt som mogleg slik at de kan kjøpe inn nye tre og komme i gang igjen så fort som råd, lovde ho fruktbøndene.

- Viktig å få komme i gang att

- Det er spesielt å sjå desse øydeleggingane, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes. Han er glad for at landbruks- og matministeren lover fortgang i erstatningssakene til dei flaumramma bøndene.

- Det er gode signal Listhaug kjem med i dag. Det er viktig at sakene ikkje drar ut. Dei som er råka av dette må få komme i gang att og få startsignal til å rydde opp, understreka Lars Petter Bartnes.

Sylvi Listhaug, Lars Petter Bartnes og Per Hilleren på synfaring i Lærdal. Her viser fruktbonde Rikard Lysne dei rundt.