Dette er ein merkedag for heile verdikjeda for mat, seier Lars Petter Bartnes. 

Lova skal legge betre til rette for ryddige forhold mellom næringsdrivande i daglegvarebransjen. Dette skal mellom anna skje gjennom krav om skriftlege kontraktar mellom leverandør og daglegvarekjeder, krav om sakleg grunngjeving av når ein tek varer ut av hyllene (delisting), krav om informasjonsutveksling og vern av forretningsløyndomar. Det skal også opprettast eit uavhengig tilsyn som skal følgje opp lova. I innstillinga frå næringskomiteen var det også forslag om merking av produksjonsstad for varer, eigarskapsgrenser og betre tilgang for småskalaprodusentar som ikkje fekk fleirtal. I innstillinga blir det fleire stader vist til høyringsinnspelet frå Norges Bondelag.

- Dette har vi jobba for i årevis. Vi er ikkje i mål, men det er eit viktig fyrste steg til ei betre fungerande verdikjede som bidreg til at varene til bonden kjem meir effektivt framt til forbrukaren. Det er svært viktig at tilsynet får gode arbeidsvilkår og ei uavhengig rolle, seier Lars Petter Bartnes.

Ni år sidan fyrste forslag om lov

Det var Matkjedeutvalet som i ei offentleg utgreiing i 2011 fyrst foreslo å innføre ei lov som skulle betre forholdet mellom dei ulike delane av verdikjeda. Utvalet slo fast at daglegvarekjedene hadde fått auka makt på kostnad av andre deler av verdikjeda frå jord til bord. Matkjedeutvalet påviste m.a. bruk av trugsmål, usakleg delisting, misbruk av forretningsløyndomar, uklare, komplekse og einsidig utforma avtaler. Dei foreslo å innføre ei lov med tilsyn for å rette opp dei skeive forholda i verdikjeda.

Forslaga vart følgt opp av Daglegvarelovutvalet som våren 2013 kom med ein liknande konklusjon og eit konkret forslag til lovtekst til ei lov om god handelsskikk og opprettinga av eit tilsyn. Men forslaget vart lagt i ei skuff når regjeringa Solberg tok over den norske skuta hausten 2013.

Berre fyrste steg

Samtidig fekk EU opp farten og kom før Noreg i mål om å vedta ei EU-vid lov om god handelsskikk. Også World Farmers` Organisation, der Norges Bondelag deltek i ei arbeidsgruppe om temaet, pressar på for betre forhold i verdikjeda for mat. Dette er altså ikkje eit særnorsk fenomen, noko det også blir vist til i innstillinga til lova.

Mange trudde kampen for ei norsk lov om god handelsskikk var tapt, men våren 2018 vart det fleirtal i Stortinget for å innføre lov og tilsyn, og Bondelaget inviterte til kakefest på Løvebakken.

- Våren 2018 vart det klart at lova og tilsynet kom til å kome. Det måtte feirast. No er den endeleg vedteken, men enno gjenstår mykje som ikkje er inkludert i avtala. Distribusjon er eit av områda det må jobbast vidare med, seier Lars Petter Bartnes.

Dette ligg også inne i bestillinga frå Stortinget, og vart løfta fram av fleire stortingsrepresentantar under debatten 12.mars. Norges Bondelag har også trekt fram dette i sitt innspel til ei stortingsmeldinga om konkurransen i daglegvaresektoren som etter planen kjem i vår.

- Vi har klare forventingar om at dette og andre uavklara forhold blir tekne vidare inn i arbeidet med stortingsmeldinga. Vi er ikkje i mål med å rydde opp i verdikjeda for mat, men dagens vedtak var eit viktig fyrste, seier Lars Petter Bartnes.