Tor Jacob Solberg var som ungdom ikkje heilt overtydd om at det var bonde han skulle verte. Men etter eit opphald på 7 månader med arbeidsutveksling gjennom IAEA (International Agricultural Exchange Association) på New Zealand, fekk han tru på å verte matprodusent i Norge. -Det å produsere mat er viktig over heile verda. Gleder og sorger er dei same om du har 14 eller 440 kyr, sa Solberg.

Som 21-åring kjøpte Solberg gard i Skiptvet i Østfold. Det har vore mange tøffe tak, men han er nøgd med at han tok nettopp det valet. -Vi heng oss ofte opp i utfordringar. Tenk på alle moglegheitene vi har. Vi skal vere offensive og sjå løysingar, sa Solberg.

Den unge bonden var tydeleg på at vi skal vere stolte av det vi driv med, og ikkje stadig unnskulde oss fordi vi driv så smått. -Det å heile tida lage noko større, er ikkje å vere offensiv. Det er når du lagar noko betre du er offensiv, sa Solberg.

Solberg understreka også kor viktig det er å skaffe seg nettverk, og å kunne vere ein ressurs for dei som er rundt deg. 

I framtida vil det vere behov for å nytte ressursane vi har betre, og Tor Jacob Solberg er ikkje i tvil om at naturbruksutdanning er vegen og gå for komande bønder. -Dei som skal inn i næringa må ha både praktisk og teoretisk kunnskap. Landbruket er løysinga på mange av dei utfordringane verda står ovanfor, sa Solberg.

Tor Jacob Solberg vart kåra til "Årets unge bonde i 2014", og historia han fortel om sine vegval gjev både inspirasjon og ettertanke.