Hogan har lenge jobba for å få ei EU-lovgjeving for å betre forholdet mellom partane i verdikjeden for mat. No ser det ut som han endeleg kan lukkast. I vår la kommissæren fram eit forslag om å forby uheldig handelspraksis som for sein innbetaling, einsidig endring av avtaler og uklare kontrakter. Forslaget er no til handsaming i Rådet og Parlamentet.

- Eg håpar vi kan få eit vedtak før jul, sa Hogan.

Eitt av dei store stridstema er kven som skal dekkast av direktivet. Slik forslaget ligg no, dekker det berre små og mellomstore leverandørar. Dette gjer at mange samvirkeselskap ikkje er dekka.

- Eg ville gjerne at direktivet skulle ha dekka fleire, men vi må passe oss så vi ikkje taper heile lovforslaget, sa Hogan.

Han fekk ikkje med seg resten av kommissærkollegiet, og måtte difor legge fram eit minimumsforslag. Går ikkje forslaget igjennom kan det bli lenge til neste moglegheit. Til våren er det val i EU, og Hogan vil gå av. Ein kan også få eit nytt Parlament som er mindre landbruksvenleg.

Rundt 20 medlemsland har allereie innført ei lovgjeving mot uheldig handelspraksis. Finland får sannsynlegvis ei lov i løpet av året.

 

Bonden del av løysinga på klimautfordringane

Hogan snakka også om miljø og klima i si tale til dei vel 400 deltakarane på Copa-Cogecas toårige konferansen.

- Eg veit mange av dykk blir bekymra når eg nemner miljø, men vi har signert Paris-avtala og berekraftsmåla og vi kan ikkje oversjå forbrukarane sine bekymringar. Jordbruket er ein del av løysinga på klimautfordringane. Bøndene produserer samfunnsgoder innan miljø- og klimaområdet som dei må få betalt for, sa Hogan.

Både miljø, klima og rovdyr sto på dagordenen på kongressen. Rovdyra er på veg tilbake i mange område av EU, og konflikten med beitenæringa  veks.

- Vi har prøvd alle moglege metodar, som t.d gjetarhund og gjerde, men det er dyrt og fungerer ikkje. Turistane forsvinn og dyr og bønder blir stressa, sa den franske sauebonden Michele Boudoin.

EU har ingen felles rovdyrpolitikk. Andre deler av miljø- og ressurspolitikken er derimot tett integrert i EUs felles landbrukspolitikk, CAP, som no er under revisjon. Kommisjonen innrømmer at ikkje alle deler av miljøpolitikken i CAP har vore vellukka. No foreslår Kommisjonen å gå frå å pålegge landa konkrete tiltak til å måle resultat.

WWF deltok også på møtet og kritiserte både inntektsstøtta til bøndene og utsleppa frå sektoren. Nestleiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, fekk ikkje svar på sitt spørsmål om WWF i det heile skjønte fotosyntesen.

I møte med WWFs kritikk gjekk Kommisjonen i forsvar for bøndene:

- Landbruket kan levere på klima. Dei kan til dømes erstatte fossile brennstoff og bruke landareal som opptakskjelde, sa Pierre Bascou frå Kommisjonen. Han peika også på at ein måtte verne om bondens økonomi:

- Vi kan ikkje setje i verk tiltak som går ut over bondens økonomi, sa Bascou.

Bøndene i EU fryktar at landbruksbudsjettet frå 2021 vil bli kutta med 15% (medrekna inflasjon) som følgje av Brexit. Landbrukskommissæren la inn eit kutt i støtta i sitt forslag til ny CAP i vår.

- Eg kunne ikkje levere eit budsjettforslag som ikkje var i balanse, sa Hogan under konferansen.

 

Bøndene må tene på handel

Dei negative effektane av Brexit vart også omtalt av dei britiske bøndene sjølve på konferansen:

- Eg kan ikkje sjå nokon lyspunkt med Brexit. Lyset er bak oss og mørkret framom oss, sa leiaren for det britiske bondelaget (NFU), Minette Batters. – Eg vil sterkt åtvare mot å halde folkeavstemningar. Det splittar folket, sa Batters, som heller ikkje ynskte seg ei ny folkeavstemning, med mindre ein er sikker på at det blir eit solid fleirtal imot Brexit.

EU har toppmøte 17.-18.oktober, då vil ein prøve å ha ferdig ein avtale. Men mest sannsynleg vil det bli eit ekstraordinært møte i november for å få meir tid.

- Det verst tenkelege alternativet er at vi går ut av EU utan ei avtale. Vi ynkjser eit tettast mogleg forhold til EU etter Brexit, sa Batters.

Når det gjeld handelsavtalene EU er i ferd med å inngå, var bøndene på konferansen uroa både for forhandlingane med dei latin-amerikanske landa i Mercosur og med USA.

- Det blir ingen rettferdig handel når vi skal konkurrere med land som har dårlegare standardar enn oss, sa leiaren i det danske bondelaget, Martin Merrild.

Kommisjonen kunne ikkje seie noko konkret om kva som skulle til for at dei signerte ei avtale med Mercosur, men landbrukskommissær Phil Hogan var klar på at bøndene skulle tene på nye avtaler EU inngjekk, og at dei ikkje skal underminere EU-standardar.

-  Det er ikkje vits å inngå handelsavtaler som ikkje bøndene tener på, sa Hogan.

Neste Copa-Cogeca-kongress er i Kroatia om to år.