- Det finst mykje uproduktivt areal som er eigna for bustadbygging, også i eller i nærleiken av dei store byane. Dersom det er politisk vilje, er det mogleg for storsamfunnet å få dekka trongen både for bustadar og mat, skriv Bjørke i eit svar til Høyre-leiar Erna Solberg som ynskjer auka bustadbygging - og at dette skal skje framfor vern av matjord.

-Ho ser ut til å gløyme at me også i Noreg treng å produsera mat, skriv Bjørke i innlegget "Korttenkt av Erna".