Landbrukskommissær Phil Hogan har opplevd krise sidan han tok over jobben for to år sidan. Han vedgår at dei manglar gode verktøy for å stabilisere marknaden.

- Vi har utilstrekkeleg med verktøy for å takle urolege marknader, sa landbrukskommissær Phil Hogan då han møtte rundt 300 EU-bønder og samvirkerepresentantar til kongress i Athen. Han har brukt 1,5 mrd euro på krisetiltak sidan han tok over jobben for to år sidan. 

Hogan og EU-bøndene har vore gjennom tøffe tider sidan han tok over landbruksroret i EU for to år sidan. Særleg svine- og mjølkesektoren har vore gjennom ein kriseperiode med ekstremt låge prisar til produsent. Marknaden ser no ut til forsiktig å snu for mjølk og svin, medan frukt- og grøntsektoren framleis strevar. Etter at EU fjerna mjølkekvotane i fjor har produksjonen gått opp, samtidig med at Russland boikottar EUs landbruksprodukt, og produksjonen på verdsmarknaden har stige. Moglegheiter for bruk av eksportstøtte fall også bort med WTO-vedtaket i fjor haust. EU har sett inn krisetiltak som oppkjøp til lager og utkjøp av mjølkebønder.

- Vi manglar verktøy

- Vi manglar verktøy for å regulere marknaden, konkluderte Hogan.
Det er knytt spenning til kva tiltak han vil foreslå når EU no diskuterer landbruksbudsjettet etter 2020. Modernisering, forenkling og miljøkrav står sentralt i diskusjonen om CAP (EUs felles landbrukspolitikk) etter 2020.
Samvirket si viktige rolle i krisa vart også trekt fram under kongressen:
- Bøndene i dei landa med sterke samvirke har fått betre prisar under krisa, sa svenske Thomas Magnusson, som leiar paraplyorganisasjonen for landbruksssamvirka i EU, Cogeca. Dei står saman med Copa (paraply for bondelaga i EU) som arrangør for kongressen som i år fokuserte på grøn vekst og dynamiske marknader.


Open for Lov om god handelsskikk

Mange peika under konferanse også på at det er ein ubalanse i verdikjeden for mat, og at dei låge  produsentprisane ikkje viser igjen i låge prisar til forbrukar.
Landbrukskommissæren siterte sin sjef kommisjonspresident Juncker:
- Det er noko gale med verdikjeden for mat når ein liter vatn kostar meir enn ein liter mjølk.
Hogan meiner bonden si rolle i verdikjeden for mat må styrkast, og han ventar med spenning på rapporten frå det kommisjonsoppnemnde utvalet som m.a. skal sjå på uheldig forretningspraksis i verdikjeden for mat. Rapporten er venta å kome i november:
- Er det gode argument etter dette for å innføre ei EU-vid lov for å regulere uheldig forretningspraksis i verdikjeden, jobbar eg gjerne for det, sa Hogan.

Fleire av deltakarane på årets konferanse snakka varmt for eit EU-regelverk på dette området. Både leiaren for landbrukskomiteen i EU-parlamentet, den slovakiske leiaren for landbruksministrane, og COPA-COGECA meiner ei frivillig ordning ikkje er nok.
- Ein har ingen sanskjonsmoglegheiter med den frivillige ordninga, sa landbruksminister og leiar for EUs landbruksministrar, Gabriela Matecna. Ho hadde saka på toppen av dagsordene då EUs landbruksministrar møttes i september.


USA trur TTIP-løysing er mogleg men krevjande

Forhandlingane om ei handels- og investeringsavtale mellom EU og USA (TTIP) var også eit stadig tilbakevendande tema under kongressen. På direkte spørsmål frå Norges Bondelag om han hadde tru på ei avtale trass i ulike standardar, svarte Jonathan Cordone frå det amerikanske landbruksdepartementet (USDA):
- Ja, det er mogleg, men det blir ikkje lett.
Cordone åtvara samtidig mot at europeisk forbrukarar ikkje måtte bli ”misleda”  i spørsmål om t.d. GMO.
- Nokre grupperingar er misleda, vi har dei vi også, sa Cordone.
- Vi tvingar ikkje EUs forbrukarar til å ete våre produkt, vi berre gir dei eit breiare utval, sa Cordone.
EU og USA hadde sist veke ei ny forhandlingsrunde om TTIP i New York. Men EUs sjefsforhandlar Cesilia Malmstrøm har sagt at det ikkje vil bli ei løysing før etter den nye amerikanske administrasjonen er forhandlingsdyktig neste haust.