- Denne problemstillinga blir ikkje trekt fram i Europautredningen "Utenfor og innenfor". Det er ein stor mangel , og gjer at utredningen ikkje gir det fulle biletet av EØS-avtale på landbruksområdet, skriv Norges Bondelag sitt høyrringssvar til utredningen. -I staden blir landbruket trekt fram som eit av dei få problematiske sidene ved EØS-samarbeidet, og misnøyen frå EU blir framheva, utan motførestillingar. Det blir heller ikkje peika på manglande utjamning av råvareprisar for protokoll 3-varer, noko som var vilkåret då protokoll 3-avtala vart underteikna, heiter det.

Tollunionen EU

Bondelaget stiller seg også undrande til at fleirtalet i utvalet har ei kritisk vurdering av norsk landbrukspolitikk, samtidig som ein framstiller EUs landbrukspolitikk som meir open og liberal. EU er ein tollunion med ein gjennomsnittleg tollsats til land utanfor unionen omtrent på nivå med Noreg. Internt er det naturlegvis tollfridom, som det er mellom fylke i Noreg. Det blir også irrelevant å ta med interne trekk ved norsk landbrukspolitikikk, som nedgang i talet på bruk i Noreg, når temaet er Noregs avtaler med EU, skriv Bondelaget.

Forhandlingsrealiteten 

Europautredningen burde også ta med ei maktpolitisk vurdering av korleis styrkeforhold og forhandlingsmakt mellom EU og Noreg verkar inn på endeleg forhandlingsresultat. Presset frå andre forhandlingsområde i EØS ville også vere relevant å trekke inn her. Dette er ein viktig del av forhandlingsrealiteten, strekar Bondelaget under.

Ufullstendig og feil om tilpassing

- Fleirtalet i Europautredningen konkluderer med at tilpassinga til EUs mat- og veterinærregleverk har gått greitt, og at ”skremselspropagandaen” før Veterinæravtalen vart inngått i 1998 har vist seg å ikkje slå til. Norges Bondelag meiner denne konklusjonen er ufullstendig og blir direkte feil, viss ein ikkje samtidig viser til at dette skuldast nasjonale kompensatorisk tiltak sett i verk av norske styresmakter og næringa. Ei grundig vurdering av effektane krev ein veterinærfagleg gjennomgang, noko vi ikkje ser at Europautredningen har gjennomført, heiter det i høyringssvaret.

Ubalansert og ufullstendig

 Norges Bondelag meiner fleirtalet i utvalet si framstilling av landbruket og EØS-avtala er ubalansert og ufullstendig. Dei negative konsekvensane for landbruket og den norske samfunnet er undervurderte, samtidig som dei positive sidene er framheva.

I det vidare arbeidet med utredninga, meiner Bondelaget at:

  • Næringa må involverast meir systematisk og på eit tidlegare stadium ved vurdering av innlemming av nytt EØS-regelverk
  • Konsekvensane av innlemming av Veterinæravtala må gjennomgåast meir grundig med bruk av biologisk-fagleg kompetanse
  • Konsekvensane av auka handel gjennom artikkel 19 og protokoll 3 må gjennomgåast meir grundig og kritisk, med sikte på å utnytte handlingsrommet som ligg i avtala betre. Dette dreier seg til dømes om utjamning av råvareprisar i protokoll 3 og å hindre auka import med henvising til krav om gjensidigheit i artikkel 19
  • Konsekvensar for eigedomspolitikken i landbruket må påpeikast og problematiserast. Dette var ikkje føresett ved inngåing av EØS-avtala
  • Landbrukets verdi for heile det norske samfunnet må framhevast klarare, og EUs landbrukspolitikk må framstillast på ein meir heilskapleg måte. Interne vurderingar av norsk landbrukspolitikk høyrer ikkje heime i ei slik utgreiing.