- Må bruke skogens trippel-vinn-effekt i klimapolitikken
- Vi har ikkje råd til la vere å bruke skogen i klimapolitikken. Det sa nestleiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag då han heldt innlegg for verdas bønder.
Gimming innleia om skog og klima på generalforsamlinga i World Farmers' Organisation (WFO) i Helsinki 12. juni. Han peika på skogens unike potensiale i klimapolitikken, men det krev aktiv skogsdrift og endringar i marknaden, slik at fornybar biomasse frå skogen blir foretrukken framfor fossil råvare. - Skogen kan binde karbon, erstatte fossil energi og skape fornya opptak gjennom aktivt skogbruk, sa Gimming.
- Vi treng då ei blanding av innovasjon, regulering, støtte, politiske ambisjonar og handlekraft, sa Bjørn Gimming. Han var invitert som innleiar til eit seminar om skogbruk og klima. Seminaret var eitt av fleire parallellseminar i forkant av generalforsamlinga i World Farmers' Organisation, der Norges Bondelag er medlem.
Klimapolitikken må bli meir langsiktig
Gimming peika på at klimapolitikken i dag er dårleg tilpassa tidshorisonten for skogbruket.
- Her i Nord-Europa veks skogen langsamt. I Noreg pleier vi skogen i eit 80-120-årsperspektiv. Klimapolitikken vil ha resultatet innan 5-10 år, sa Gimming.
Dette blir spesielt klart no når EU diskuterer sin klimapolitikk fram mot 2030. Noreg vurderer å slutte seg til denne reduksjonsplanen.
- I staden for å utvikle reglar som kan ta ut alle tre effektane av skogsdrift, har Kommisjonen valt å foreslå reglar som hindrar arbeidet med å erstatte fossile råvarer med fornybar energi, påpeika Gimming. Fleire deltakarar på seminaret frå ulike EU-land var samde i denne vurderinga.
EU-kommisjonen set grenser for kor mykje avvirking ein kan gjere, uavhengig av situasjonen i kvart enkelt land.
- Så vidt eg kan forstå gjer Kommisjonen dette for å sikre den karbonen som ligg på lager i skogane. Min påstand er at Kommisjonen legg for mykje vekt på binding. Det er ein risikabel strategi. Banken kan bokstavleg tala brenne opp, seier Gimming.
Viktig haust
I tillegg til at EU skal fastlegge sin klimapolitikk for landbruket, er det også klimaforhandlingar i Bonn denne hausten.
- Det er viktig no at vi jobbar for at klimaavtalen ikkje truar matproduksjonen, seier Gimming.
I dei innleiande kapitla i klimaavtalen står det at matproduksjonen ikkje skal bli skadelidande.
- Vi må jobbe for at retningslinjene for korleis skogen skal forvaltast gjer det mogleg å ta ut dei store og viktige klimaløysingane skogen byr på, konkluderer Bjørn Gimming.