Lov om god handelsskikk må styrkast
Lov om god handelsskikk må styrkast. Det var hovudbodskapen til Norges Bondelag i høyringa om revidering av lov om god handelsskikk.
Regulering av EMV, grossisttenester og storhushaldning ynskjer Bondelaget inn i lova, og eit uavhengig Daglegvaretilsyn må bestå.
Norges Bondelag er ein varm tilhengar av lov om god handelsskikk. Då lova vart vedteken i 2020 serverte Bondelaget kake utanfor Stortinget. No har regjeringa foreslått ei revidering av lova.
Norges Bondelag ynskjer velkomen ei revidering av lova for å styrke den og utvide til fleire område.
Bjørn Gimming, leiar Norges Bondelag
Utvide til storhushaldning og KBS
I høyringssvaret går Norges Bondelag inn for at lova skal utvidast til å gjelde storhushaldning, kiosk, bensinstasjonar og servicehandel (KBS). I høyringssvaret framhevar Norges Bondelag at daglegvarekjedene er sterkare og sterkare integrert i desse marknadene og at utfordringane som lova regulerer i hovudsak også gjeld desse marknadene.
– Det er jo mange av dei same aktørane som møtest over bordet for å forhandle om dei same produkta i daglegvare og storhushalding, kiosk, bensinstasjonar og servicehandel. Det er naturleg å sjå dette i samanheng, seier Gimming.
Sterkare regulering av EMV
Det har vore mykje diskusjon rundt diskusjonen om daglegvarekjedene sine eigne merkevarer (EMV) og leverandørane sine merkevarer (LMV). Departementet spør i høyringa om etterlikningsvernet i lova bør rette seg meir direkte mot EMV. Det er allereie ein paragraf i lova som omhandlar etterlikning. Norges Bondelag er positiv til å styrke denne paragrafen inn mot EMV spesifikt, men påpeikar at dette også bør gjelde såkalla TMV, altså tilknytta merkevarer, som varer som er tilknytte daglegvarekjeda, men utan at den er eig av dei. Norges Bondelag peikar på at daglegvarekjedene er både kunde og konkurrent til leverandørane gjennom sine merkevarer og får innsikt i produksjonen som dei kan bruke i konkurransen.
– Vi er ikkje imot EMV og TMV, men det må vere like konkurransevilkår mellom denne typen varer og leverandørane sine eigne merkevarer. Hylleplassen i norske butikkar er begrensa og det er butikkane som bestemmer kva som skal stå i hyllene til slutt. Denne typen etterlikningar tener ingen, den gir berre overskotet til kjedene i staden for leverandørane, sier Gimming.
Gjennom å ha kontroll over eigne merkevarer og bestemme prisen ut til slutt kan daglegvarekjedene drive kryssubsidiering, altså selje enkelte varer med tap og så ta inn igjen tapet ved ein høgare pris på andre varer. I høyringa blir det spurt om det bør innførast eit forbod mot sal med tap, og om dette i tilfelle skal gjelde berre EMV. Norges Bondelag meiner dette bør utgreiast vidare, men at det ikkje må vere til hinder for å nedprising av produkt for å få selt ut vare og redusere matsvinn.
Yting og motyting må stå i samsvar med kvarandre
Det blir også i høyringa spurt om det bør vere eit krav om at betaling skal stå i eit rimeleg forhold til kostnadene ved å levere tenestene. Dette meiner Norges Bondelag må vere sjølvsagt, men at det er viktig å presisere at det må gå klart fram kva motytingar leverandørane får for å levere ei teneste, til dømes i form av reklame i kundeavisa til daglegvarekjeda. Eit liknande forslag vart lagt fram av Samfunnsøkonomisk Analyse, der dei peika på reguleringa i Sverige og EU.
– Det er dessutan viktig at rabatt som blir gitt følgjer vara heilt fram til forbrukar, seier Gimming.
Sjølv om ikkje ei vurdering av Daglegvaretilsynet var del av denne høyringa, viste Norges Bondelag til ei tidlegare høyring der Bondelaget framheva kor viktig det er med eit uavhengig tilsyn som kan overvake lova.
- Det er viktig med eit uavhengig tilsyn som har tillit i næringa, er dialogbasert og kan unngå at sakene kjem så langt som til lovbrot, seier Gimming.