Møre og Romsdal Bondelag hadde leiarmøtet sitt på Stranda med 70 deltakarar. Her på gardsbesøk hos familien Skarbø.

Denne hausten har det blitt gjennomført leiarmøte i alle fylkeslaga til Norges Bondelag. Dette er ein viktig møteplass for organisasjonen. Her møtest fylkesstyret og ein eller to representantar frå kvart lokallag til kunnskapsutveksling, fagleg påfyll, debatt, organisasjonsutvikling og sosialt samvær over ein eller to dagar. Representantar frå styret, leiargruppa og dei ulike avdelingane i sekretariatet i Oslo har vore rundt og vitja dei ulike møta.

Imponert leiar

Lars Petter Bartnes på leiarmøtet i Agder, her i lag med nestleiar i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland.

Lars Petter Bartnes er inne i sin første haust som leiar i Norges Bondelag, og i løpet av hausten har han vitja fire av leiarmøta.

- Det er viktig å komme ut, treffe lokale tillitsvalde og høyre kva dei er opptatt av. Og så er det viktig å kunne fortelje om det politiske arbeidet vi gjer og få innspel frå lokallaga på det, seier Lars Petter Bartnes.
- Det er både imponerande og inspirerande å komme seg ut i organisasjonen. Her blir det gjort mykje godt arbeid på alle nivå, og eg gler meg til vi skal arbeide i lag fram mot jordbruksforhandlingane til våren, seier Bartnes.

Politisk ordskifte

Tina Bru frå  Høgre og Torstein Tvedt Solberg frå Arbeidarpartiet på leiarmøtet i Rogaland.

Eksterne gjestar har også halde innleiingar på samlingane. Det vart engasjert ordskifte på Buskerud Bondelag sitt leiarmøte då strategidirektør i Tine, Kristin Hoff innleia om framtidsscenario og verdikjeda i matproduksjonen.

Rogaland Bondelag hadde invitert to stortingsrepresentantar frå fylket til å innleie om ”Kven skal produsere maten vår og korleis?” Tina Bru frå  Høgre og Torstein Tvedt Solberg frå Arbeidarpartiet vart utfordra spørsmål om beitetilskot og verdien av bruk av beite, tollvern og jordvern.  Landslagstrenar i handball, Thorir Hergeirsson heldt innleiing om lagspel og lagbygging på leiarmøtet i Rogaland.

Rekruttering og lokallagsarbeid

Geir Lohn på fylkesmøtet for Hedmark og Nordland

Lokallagsarbeid og organisasjonsutvikling er ein viktig del av alle leiarmøta i alle fylka. Kaia Heltorp som er ansvarleg for verving i Norges Bondelag besøkte mellom anna leiarmøtet i Troms, der ho utfordra dei på ”Kvifor er du medlem i Bondelaget?”. Ho fekk mange gode innspel.
- Vi er medlemmar fordi medlemsskapet gir samhald og styrke, sa Tone Rubach.  - Vi treng ein organisasjon som ivaretar næringsinteressene våre, meinte Daniel Arne Hansen.

Lokallagsleiarane i Hedmark reiste til Bodø og hadde møte i lag med Nordland Bondelag. Der delte dei erfaringar frå lokallagsarbeid. Geir Lohn frå Alvdal var ein av dei som snakka. Han fortalde om kvifor han valde å setje seg på traktoren og køyre frå Alvdal til Oslo for å demonstrere etter brotet i jordbruksforhandlingane i vår.

Lagarbeid på leiarmøtet i Østfold. Tårnbygging på programmet.

 

Les meir om leiarmøta på fylkessidene:

Agder: Leiarmøte i Kristiansand

Akershus: Lokale tillitsvalgte bønder samles på Hurdal

Buskerud: God stemning på ledermøte

Finnmark: Vi gjør en viktig jobb

Hedmark og Nordland: - Må utvikle politikken sjøl

Hordaland: Leiarmøtet på Stord

Møre og Romsdal: Inspirerende ledermøte på Stranda

Nord-Trøndelag: Til kamp for den selvstendige bonden

Oppland: Jeg er best!

Sogn og Fjordane: Prata om Norsk Landbrukssamvirke i Loen

Troms: Samhold og styrke!

Vestfold: Glimt fra ledermøtet på Havna og reportasje på NRK

Østfold: Bønder i kafèdialog på Sørmarka