- Denne meldinga gav oss store forventningar, men når det kom til realitetane så hadde ikkje regjeringa evne til å følgje opp med økonomiske verkemiddel difor finn eg det rett å sende heile meldinga i retur til Landbruks- og Matdepartementet, sa Hilleren.

Det var i samband med dei lokale bondelaga i Sogn si markering på Hermannsverk at fylkesleiaren og leiar i Balestrand Bondelag, Reante Rendedal, bad om eit møte med Fylkesmannen for å drøfte den alvorlege situasjonen som landbruket er i.  - Vi fekk ein god samtale med Fylkesmann Anne Karin Hamre, seier Hilleren.  Ho tok imot meldinga, og eg reknar med at ho noterte seg samtalen, og at vi og hennar etat kan ha ein dialog framover om utviklinga av landbruket i fylket.