Illustrasjonsfoto: EU-kommisjonen.Den auka importen av basis landbruksvarer fører til eit stort press på norsk produksjon, strekar Norges Bondelag under i sitt høyringssvar til Europautredningen.

Importkvote = 10 prosent av norsk osteforbruk

Under artikkel 19-avtala gjeld dette i særleg grad mjølkeproduksjonen, som er ein berebjelke i norsk distriktsproduksjon. Importkvoten på ost utgjer no over 10% av norsk osteforbruk. I tillegg kjem import utanom kvota og grensehandel. Samla sett er importandelen no oppe i rundt 13%, mot 6% i år 2000. Medan folkeauken i Noreg siste ti åra har vore på 9%, har melkeproduksjonen gått ned 3%. I same periode gjekk importen av meieriprodukt opp frå vel 4000 tonn til rundt 20 000 tonn, heiter det i brevet til Utenriksdepartementet.

Stor auke av bearbeidde landbruksvarer

Importen av bearbeidde landbruksvarer (t.d. bakevarer, pizza og yoghurt) har auka vesentleg sidan EØS-avtala vart inngått. Berre sidan år 2000 har importen av bearbeidde landbruksvarer til Noreg auka med 8-10% årleg. Til dømes aukar importvolumet på brød og bakevarer med 5% årleg, og importen av smakstilsett yoghurt auka med 47% (i mengde) berre frå 2010 til 2011. Handelen med bearbeidde landbruksprodukt blir regulert gjennom protokoll 3 til EØS-avtala. I utgangspunktet inngår desse varene i den frie vareflyten, men partane kan bruke toll, prisnedskriving og eksportstøtte for å utjamne råvareprisen mellom EU og Noreg. Utfordringa er mellom anna at skilnaden i råvarepris er basert på prisar i 1994. Medan Noreg sine prisar i hovudsak har blitt høgare, har EU sine prisar i større grad nærma seg verdsmarknadsprisen. Dette har ikkje blitt utjamna ved auka tollsats inn til Noreg, peikar Bondelaget på.