Landbruksministeren møtte bøndene

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Jon Georg Dale

Landbruksministeren ville ikkje snakke om det alle er opptatt av, då han besøkte årsmøtet i Norges Bondelag.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gjesta årsmøtet til Norges Bondelag i Sarpsborg onsdag. Svært mange i Norges Bondelag er opptatt av det som skjer i jordbruksforhandlingane

- Det vart ein annan vår enn vi hadde tenkt. Vi strekte oss langt for å få til ein avtale med jordbruket,  men greidde det ikkje, sa Dale til bondetinget.

Har sett landbruk på dagsorden

Dale ville ikkje gå inn i detaljar om kva som skal skje vidare med jordbruksavtalen som no blir sendt tilbake til partane i jordbruksoppgjeret, men han sa to ting:

- Norges Bondelag kan vente seg to ting: At eg kjem til å ta stortingsfleirtalet på alvor og at eg kjem til å la det bli reelle forhandlingar, ikkje eit diktat.

- Eg meiner at møta denne våren har vist at både eg og Bondelaget vil norsk landbruk vel, sjølv om vi vil ulike ting. Vi sette landbruk på dagsorden, fleire tusen møtte opp på debattmøte, da Dale om arbeidet med jordbruksmeldinga, og han heldt fram med å snakke om at vi må styrke marknaden og kanaliseringspolitikken .

Snakka om rovdyrpolitikk

Rovdyrpolitikk er eit politikkområde som ikkje ligg under Landbruks- og matdepartementet, men Dale nytta høvet til å snakke om dette temaet. Statsråden understreka at han forstod at dette er ein vanskeleg situasjon for landbruket.

- Det handlar om langsiktig avlsarbeid som går tapt. Det handlar om langsiktig næringsutvikling. Ja, bøndene får erstatning, men det er berre i kroner og øre. Vi må forvalte beiteprioriterte område som det det er, beiteprioriterte område, sa Dale.

- Eg minner om at regjeringa har ansvar for at vi har hamna i den situasjonen vi har komme i. Det må takast ut skadedyr før beitesesongen startar, ikkje lappast på undervegs, kommenterte leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Kroner eller prosent?

- Sauebønder får erstatning i kroner og øre, altså ikkje i prosentar. Inntektsmålet må også målast i kroner og ikkje prosentar, sa fylkesleiar i Hedmark Bondelag, Erling Aas-Eng til Dale, som ein kommentar til debatten om inntektsmål som har gått sidan jordbruket braut årets jordbruksforhandlingar.

- Eg legg til grunn at fleirtalet på Stortinget har sagt at inntekt skal målast i prosent, ikkje kroner, avslutta landbruksministeren, som også sa han ikkje hadde tenkt å gje seg endå.

– Eg har mykje ugjort og har tenkt å vere landbruksminister i fire år til.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere