- Møta med bønder ute i fylka gir meg mykje, aukar kunnskapsnivået og ikkje minst lærar eg om dei praktiske utfordringane de står i til dagleg. Det gjer meg i stand til å gjere betre vurderingar enn eg elles ville gjort, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale til årsmøtet i Norges Bondelag i dag.

- Meir enn eitt liberalistisk gen

I talen sin var han opptatt av å snakke om moglegheitene som ligg i landbruket, og på å prøve å overtyde tilhøyrarane om at hans politikk er det beste for norsk landbruk. Som han sa: - Eg er liberalist og eg har meir enn eitt liberalistisk gen.

Han utfordra Norges Bondelag på fleire spørsmål.

- Vi har ein evig diskusjon om korleis inntektsgrunnlaget skal reknast. I landbruksproduksjon og – politikk blir det beskrive som eit problem at dersom du leverer to liter mjølk så får du dobbelt så mykje betalt som om du leverer ein liter. Kvifor er det eit problem for norsk landbruk? spurde Dale, og hadde sjølv svaret han meiner er riktig.

- Krevjande motpart

- Viss vi ikkje legg til rette for at det skal vere betre betalt å produsere to liter  mjølk enn ein liter mjølk, då må vi heller importere maten vi skal ete.

Dale skrøyt at gode og krevande jordbruksforhandlingar med Norges Bondelag.

- Norges Bondelag er ein krevjande motpart. Når de klarer å lure 100 millionar kroner ekstra ut av ein sunnmøring, så kjem ikkje det gratis, sa Dale.

. Det var ikkje mogleg for meg å få til ei avtale med dykk utan å gje meir til små og mellomstore. Det betyr at inntektsgrunnlaget blir meir utjamna neste år.

Fridom til enkeltbonden

Når Dale snakka om framtida, var han opptatt av fridomen til enkeltbonden.

- Eg kjem ikkje til å foreslå å leggje meg meir opp i drifta til den enkelte bonde. Alle må få kunne drifte ressursane sine slik dei vil. Grunnlaget for Stortinget sitt mål om auka matproduksjon er ei faktisk erkjenning av at nokre bønder må produsere meir enn dei har gjort til no, hevda Dale. Han la også vekt på at hans endringar ikkje kan reverserast.

At Norges Bondelag og landbruks- og matministeren ikkje ser likt på løysingane, var også tydeleg i spørsmålsrunden etter innleiinga frå Jon Georg Dale.

- Det er faktisk like arbeidskrevjande i forkant å produsere ein liter som to liter mjølk i delar av landet. Det må vi også ta med oss, sa Odd Bjarne Bjørdal frå Dale sitt heimfylke Møre og Romsdal.

Kritikk frå salen

Tor Jacob Solberg frå Østfold kom med ei oppmoding til statsråden.

- Du ønskjer å rekruttere unge til landbruket på same tid som du vil liberalisere landbruket. Kva slags historier om unge bønder frå det liberaliserte europeiske jordbruket er det du vil trekke fram som vellukka?

Det spørsmålet følgde leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes opp før han takka Dale for besøket.

- Solberg stilte eit godt spørsmål som statsråden bør tenkje på. Kven har finansiert dansk jordbruk dei siste åra? Det er dei danske bankane som har finansiert det i påvente av at den danske bonden skal hente ut gevinst i ein verdsmarknad som ikkje er berekraftig, avslutta Lars Petter Bartnes.