- Igjen er ein viktig moglegheit for å finne løysingar på klimautfordringane neglisjert, foto: World Farmers Organisation.190 land er no samla i Polen for å kome vidare i arbeidet med å redusere verdas klimautslepp. World Farmers Organisation (WFO), der Norges Bondelag er medlem, har lenge jobba for at det skal kome eit arbeidsprogram for landbruk. Det lukkast ikkje på toppmøtet.

Løysingar neglisjert

 

- Igjen er ein viktig moglegheit for å finne løysingar på klimautfordringane neglisjert. Trass i stor innsats frå verdas landbrukssamfunn sidan 2009, er verdas bønder sett på sidelinja eitt år til, skriv ei tydeleg skuffa Anette Engelund Friis på sin blogg. Danske Engelund Friis deltek i forhandlingane i Polen på vegner av World Farmers Organisation og det danske bondelaget.

Tilpassing til klimaendringane

 

I juni i år inviterte FNs organ for vitskapleg og teknologisk rådgjeving (SBSTA) medlemslanda til å kome med sitt syn på korleis ein kan styrke landbrukets tilpassing til klimaendringar, samtidig som ein fremjer berekraftig utvikling, produktivitet og matsikkerheit. Dette vart godt motteke i landbruksmiljøet. Saka skulle takast vidare i eit møte i SBSTA i Polen. Dette møtet braut altså saman.

Tek ikkje ansvar

 

- Korleis kan klimaforhandlarane la vere å ta ansvar for å hjelpe bøndene til å tilpasse seg og redusere utslepp av klimagassar når ein ser kor hardt ramma dei blir, og kor viktige dei er for matproduksjonen, undrar Anette Engelund Friis. Ho har ikkje noko god forklaring på kvifor samtalane braut saman.

Sterkt beklageleg

- Det er sterkt beklageleg at landbruket blir halde utanfor dei internasjonale klimaforhandlingane, seier prosjektleiar Svein Guldal i Norges Bondelag. - Mi tilråding vil vere at bønder over heile verda ikkje lar seg påverke av den motstanden vi har i dei internasjonale forhandlingane. Det vil vere meir fornuftig å følgje med på teknologiutviklinga, investere i teknologien og bygge nye alliansar med den nye industrien som veks fram i rekordfart. Slik kan vi vere på plass og bidra aktivt til løysingar når klimaredsla slår inn for fullt etterkvart som karbonnivå og lufttemperatur stig enno meir.

 

Diskusjonane om landbruk er no utsette til neste år.