Onsdag kveld var distriktspolitikk og landbruk blant temaa i ein debatt på NRK, sendt frå Stryn i Sogn og Fjordane. Mjølkebonde Torill Midtkandal frå Stryn representerte Vestlands-bonden i debatten, der også landbruksminister Jon Georg Dale var til stades. Tidlegare denne veka tok Dale æra for at Vestlandet har auka sine marknadsdelar på ku og sau.  - Eit resultat av regjeringas politikk, sa Dale då. 

Kva har eigentleg denne regjering gjort for landbruket på Vestlandet?

Inntektsforskjellane har auka

Det er store forskjellar i inntektsutviklinga mellom små og store bruk i denne regjeringsperioden. Regjeringa har heile tida forsøkt å heve inntektene til dei store bruka på bekostning av dei små, og sjølv om Norges Bondelag gjennom å inngå jordbruksavtale i 2015 og 2016 greidde å bremse noko av utviklinga, er det store forskjellar. Utslaga er størst på Vestlandet. 

Gjennomsnittsbruket i Noreg har 26 kyr. To av tre bruk har færre enn 26 kyr. Eit gjennomsnittsbruk på Vestlandet har mindre enn 20 kyr. Mens eit lite bruk har fått auka inntektene med under 20.000 kr per årsverk i denne regjeringasperioden, har eit bruk med 45 kyr fått auka inntektene med over 100.000 kr per årsverk.

Årets tal frå Budsjettnemnda for jordbruket, viser at inntektene for eit mjølkebruk på Vestlandet ligg 35.000 kr lågare per årsverk enn snittet på landsbasis.

Jord ut av drift

Vestlandsbøndene har ikkje fått tatt del i inntektsutviklinga i norsk landbruk, og det er også på Vestlandet at mest jord går ut av drift. På Vestlandet er 73 prosent av gardsbruka mindre enn 200 dekar, mens det tilsvarande talet for resten av landet er 57 produsent. Reduksjonen i jordbruksareal er på nesten 9 prosent, og produksjonen av storfekjøtt har gått ned med heile 17,6 prosent. For å greie å stoppe denne utviklinga, må dei små og mellomstore bruka bli satsa på.

Tabellen viser utvikling i areal frå 2010 til 2016.

Selektiv lesing av statistikk

Denne veka tok altså landbruksministeren i ei pressemelding æra for at bøndene på Vestlandet no produserer ein større del av den maten som blir produsert i den norske marknaden, og at dette er på grunn av regjeringas politikk. Statsråden viser til at marknadsdelane for mjølk, storfekjøtt og sau auka med rundt 0,4 prosent i perioden 2014–2016, og hevdar at dette er eit utslag av regjeringas politikk. 

Landbruk er ei biologisk og langsiktig næring, og resultata av investeringar og produksjonsvekst vil ikkje bli synleg over natta. Vedtaka om å investere og utvide er tatt i 2012 eller 2013, og først tre år seinare kjem effekten av det. Produksjonen varierer frå år til år, og er særleg avhengig av kvaliteten på grovfôret, altså graset. Det ville statsråden sett om han også tok med utviklinga frå 2013, det året FrP og Høgre fekk regjeringsmakt, i reknestykket sitt. Frå 2013 til 2016 er det ein nedgang i 0,4 prosent i Vestlandet sin andel

Det er bra at statsråden bryr seg om Vestlands-landbruket, men det hadde vore betre om han førde ein politikk til beste for landbruket i landsdelen.