La oss lage maten din

Har du kjøpt ein matvare med eit grønt klistermerke i dag? Då har du fått meir på kjøpet enn berre mat.
Har du tenkt over kva du får med på kjøpet når du kjøper norsk mat?
Når du kjøper norsk mat veit du at dyra har god helse, og at maten er trygg. Det er bønder i heile landet, og ved å kjøpe mat produsert av oss bidrar du også til levande bygder og opne landskap. Landbruket er grunnlaget for 90 000 arbeidsplassar, på gardane og i foredlingsindustrien. Dette er den største industrien på det norske fastlandet.
Lokale tillitsvalde i heile landet har i dag klistra 300 000 grøne klistremerke på norskproduserte matvarer i daglegvarebutikkane, for å fortelje forbrukaren at du får meir på kjøpet av å kjøpe norsk mat.
Sjå fleire bilde på Facebook-sida til Norges Bondelag.