Kjenner du nokon som har gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet? Då kan du nominere dei til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2018. 

Bønder vann i fjor

Kulturlandskapsprisen har blitt delt ut sidan 2007, etter initiativ frå Norsk Kulturarv, og i fjor var det bøndene på Kvitsøy i Rogaland som vart heidra for sitt arbeid for kulturlandskapet. 

– Å ta vare på jordbrukets kulturlandskap med sine verdifulle kvalitetar, krev ein stor og målretta innsats. Bøndene på Kvitsøy gjer ein formidabel innsats med å halde tradisjonar i hevd, samstundes som dei kombinerer tradisjonell med moderne drift. Dei viser og samanhengen mellom kulturlandskapet og verdiskaping, sa landbruks- og matminister og juryleiar Jon Georg Dale då han delte ut prisen til Kvitsøy-bøndene i fjor.

Håpar på gode kandidatar frå landbruket

Norges Bondelag mener det er viktig at næringa sjølv nominerer gode kandidatar som driv aktivt og kan vere gode eksempel på aktiv landbruksdrift som tar vare på eit levande kulturlandskap. Prisen er på 50000 kroner og eit kunstverk, og fristen for å nominere er 1. april. 

Du kan nominere din kandidat og lese meir om kriteria for prisen på heimesidene til Norsk Kulturarv.