Kva er jordbruksoppgjeret?

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Det årlege jordbruksoppgjeret er rett rundt hjørnet. Her kan du lære meir om det.

Jordbruksoppgjeret er den årlege forhandlinga mellom bondeorganisasjonane og staten som fastsett dei økonomiske moglegheitene for bonden det kommande året og korleis overføringane til norsk landbruk skal fordelast.

Målet med jordbruksoppgjeret er å inngå ein jordbruksavtale for det kommande året. Jordbruksavtalen skal sørge for at måla Stortinget til ei kvar tid har fastsett for norsk matproduksjon, skal bli oppfylt. Jordbruksavtalen bestemmer kva pris bonden skal få når ho eller han skal sel råvaren sin, kor store budsjettoverføringar som skal gå til jordbruket, og ikkje minst korleis vil skal fordele desse pengane.

I Noreg har vi eit mangfaldig landbruk, spreidd i alle landets fylke og nesten alle landets kommunar. Vi har ei rekke ulike produksjonar, vi har store og små gardar og vi har landbruk i alle klimasoner og landskap. Innafor jordbruksavtalen er det mange ulike støtteordningar tilpassa dette mangfaldet, og gjennom jordbruksoppgjeret blir partane einige om kva slags støtteordningar som skal prioriterast det kommande året og korleis vi skal få opp den norske matproduksjonen.


Jordbruksforhandlingane 2016

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag blir først einige om eit felles krav på vegne av landbruket. Dette kravet blir så overlevert regjeringa ved Landbruks- og matdepartementet måndag 25. april.
Onsdag 4. mai, om lag ei veke etter at kravet blir levert, kjem staten med sitt tilbod. Då går bondeorganisasjonane saman og går igjennom tilbodet og bestemmer seg for å gå vidare med forhandlingane eller ikkje.
Som regel vel partane å møtast til forhandlingar. Leiaren i Norges Bondelag leier forhandlingane på vegne av landbruket, departementsråden i Landbruks- og matdepartementet leier forhandlingane på vegne av staten. Jordbruksoppgjeret skal vere ferdig til 17. mai.

Det er Stortinget som formelt vedtar jordbruksavtalen. Dette skjer i juni.


Jordbruksforhandlingane - ABC

Budsjettnemda for jordbruket
Utarbeider talunderlaget for dei årlege jordbruksforhandlingane, mellom anne totalkalkylen som viser inntektsutviklinga for jordbruket og referansebruka, og  som seier noko om inntektsnivået og forventa utvikling for dei ulike produksjonane og bruksstørrelsane. Totalkalkylen speler hovudrolla i fastsetjing av inntektsramma. Referansebruka blir brukt i samband med fordeling av ramme på priser og ulike tilskotssordningar.


Referansebruk
For å måle økonomisk utvikling i landbruket, blir rekneskapane til fleire eksisterande gardsbruk med same produksjon og omtrent lik størrelse samanstilt. Referansabruka er samla i 26 grupper mellom mellom 15 og 25 bruk i kvar gruppe.


Partane i jordbruksforhandlingane
Partane i jordbruksforhandlingane er Staten og landbruket ved Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Om ein av fagorganisasjonane vel å bryte forhandlingane, blir det forhandla vidare med den andre. Om det blir avtale mellom begge eller ein av fagorganisasjonane, går Jordbruksavtalen til Stortinget for godkjenning. Dersom det blir brot, går Statens tilbod til Stortinget.


Finansiering av ein jordbruksavtale
Når partane har blitt einige om den økonomiske ramma for oppgjeret må dei bli einige om korleis det skal bli tilført pengar. Dette kallast finansiering av ramma. I prinsippet kan dette skje gjennom auka målprisar, mer tilskot, eller auka effekt av jordbruksfrådraget (skattefrådrag) fordi inntektene aukar og dermed blir frådraget større.


Kva er målpris?
I Noreg er det målprisar for fleire sentrale jordbruksvarer: Korn, mjølk, svinekjøtt, potet, eple og eit utval grønnsaker. Målprisen er ein teoretisk maksimal pris fastsett i jordbruksavtalen. Den faktiske prisen i marknaden blir kalla noteringspris. Målprisen er vareprisen som jordbruket reelt sett skal kunne oppnå. Då blir marknadsforhold, importvernet og dei tilgjengelege marknadsreguleringsmoglegheitene med i grunnlaget.
 

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere