Nils. T. Bjørke.

”Frihet i felleskap” er årets 1. mai-tema. På mange måtar er den norske landbruksmodellen eit godt eksempel på dette.

Høgresida i politikken har brukt slagorden ”Set bonden fri”. - Å vere med i ein marknad der me pressar kvarandre endå hardare, der råvareprodusenten sin plass vert nedst i verdikjeda er ikkje fridom for bonden, seier Nils T. Bjørke.

Nils T. Bjørke fortel kva han legg i ordet fridom for bonden:

  •  Fridom er eit landbruk som er i verdstoppen når det gjeld dyrehelse og trygg mat. Me har lågast bruk av antibiotika i Europa, og maten me produserar er salmonellafri. Det er ein større og meir verdifull fridom enn billegast mogleg mat.
  •  Fridom for ein bonde er å vere stolt av råvarene ho leverar, og at ho ser dei er grunnlag for eit stort og mangfaldig utval for forbrukarane.
  •  Å vita at me nyttar heile landet og ressursane i kvar ei bygd og grend, gjev større kjensle av fridom enn å vere avhengig av verdsmarknaden på importert fôr.
  •  Å stå samla gjennom samvirke når me skal selja produkta, gjev meg større fridom enn å stå med lua i handa som enkeltbonde for å forhandle kontrakt med ein av dei fire matkjedene.
  •  For Noreg er det ein større fridom å vite at me har matsikkerheit og kan brødfø eige folk enn å vere avhengig av ein veksande import i ein stadig meir usikker verdsmarknad.