Ei lang strid mellom festarar og bortfestarar vart avslutta då Stortinget tidlegare i vår vedtok endringar i tomtefesteloven. Strida har dreidd seg om kva vilkår som skal gjelde ved forlenging av ein festekontrakt på hytte eller bustad.

Denne hausten arrangerer Norges Bondelag kurs seks stader i landet der vi tar for oss endringane i loven. På kurset vil vi gje ei grundig orientering om dei nye vilkåra som gjeld når ein festkontrakt går ut, etter lovendringa frå 1. juli i år. Det vil også bli ei orientering om vilkåra for regulering av festeavgift i løpande kontraktar.

Målgruppa for kurset er bortfestarar, rekneskapsførarar, advokatar, takstmenn, eigedomsmeklarar og andre med interesse for spørsmål knytt til tomtefeste. Det er advokat Ole Jacob Helmen og advokatfullmektig Kristin Bjerkestrand Eid frå Norges Bondelag som er kurshaldarar.

Her finn du program, pris og lenke til påmelding.

Dato Stad Hotell Påmeldingsfrist
3. november Sarpsborg Quality Hotel & Resort Sarpsborg 1. oktober
5. november Lillehammer Scandic Victoria Lillehammer 1. oktober
17. november Stavanger Scandic Stavanger Airport 10. oktober
18. november Stjørdal Scandic Hell Værnes 10. oktober
24. november Gardermoen Scandic Oslo Airport 10. oktober
26. november Flesberg Lampeland Hotell 10. oktober