Åkergrønn er lagd med plog, harv og kalksand av Arne og Reidar Hernes. - Bildet er 104 x 104 meter stort og vi brukte åkerpassar og gjerdepålar for å måle opp. Eg brukte 60 åkerpinnar for å navigere då eg køyrde opp ansiktet. Vi brukte tre dagar, fortel Arne Hernes. Verket er inspirert av Hannah Ryggens vevnad "Potteblått". Hannah Ryggen: Potteblått, 1963 (utsnitt) © Hannah Ryggen / BONO 2015 Foto: Dan Ågren/LANDART Fosen

- Det har vore artig og utfordrande, og inspirerande å treffe nye folk og tenkje litt annleis, seier Arne Hernes, nyleg avgått leiar i Ørland Bondelag og ein av dei som har vore med på LandArt Fosen sidan ideen vart sådd for tre år sidan.

Skissene til verket Åkergrønn, inspirert av Hannah Ryggen. Foto: Dan Ågren/LANDART FosenLANDART Fosen er eit prosjekt der bønder i Ørland og Bjugn samarbeider med kunstnarar om å utvikle og produsere unike kunstverk som er tilpassa staden og kulturlandskapet. Tidlegare i månaden opna utstillinga med om lag 20 kunstverk i dei to kommunane.

- Det har vore eit bra treffpunkt og artig for oss å halde på med litt andre ting enn det vi gjer til vanleg. Landbruket på Fosen treng ein positiv drive, og det har dette prosjektet vore, fortel Hernes.

Kreativ og agronomisk utfordring

Arne og Reidar Hernes i arbeid med verket Åkergrønn. Foto: Dan Ågren/LANDART Fosen

Sjølv har han laga to av kunstverka i årets utstilling i lag med far sin, Reidar Hernes. Det eine verket er inspirert av kunstnaren Hannah Ryggen og hennar vevnader. Ho budde på garden der Hernes bur i dag, og dei har laga verket Åkergrønn, eit utsnitt av hennar vevnad Potteblått. Utsnittet deira er på 104 x 104 meter.

- Det verket var både ei kreativ og agronomisk utfordring. Frå før av visste eg ikkje for eksempel korleis eg skulle lage renningane i ein vev med ein traktor, fortel Arne Hernes.

Kunst med ein bodskap

Æ HØRT ITJ!? og KA DU SEI FERR NÅKKA!? er laga med rotorharv. - Desse verkar handlar om at folk står og ropar og ikkje høyrer kvarandre fordi det er så mykje støy frå hovudflystasjonen på Ørlandet, fortel Arne Hernes. Verka er laga av Rudolf Olaisen, Bjørnar Nausthaug, Joar Hoff og Ingar Solem. Foto: Dan Ågren / LANDART Fosen

Det var kunstnaren Mari Meen Halsøy som fekk LandArt til Fosen og som har vore ein av prosjektleiarane.

- Verka vi har laga tematiserer mellom anna FNs internasjonale år for jordsmonn, biologisk mangfald og støyproblematikken i samband med utbygginga av den militære flyplassen på Ørlandet, fortel ho.
- Fosen fungerer også bra til eit slikt prosjekt fordi det er så flatt med mange utkikspunkt, fortel ho.

Halsøy har tidlegare jobba med LandArt i tre år i Gjerdrum, og sette i gang LandArt Fosen i lag med Galleri Molo på Ørlandet. Med pengestøtte frå fleire ulike instansar har dette resultert i ei kunstutstilling som opna 8. november. I tillegg til verk på fleire jorde, er det kunst i stein og veggmaleri i utstillinga.

(Artikkelen held fram under bileta)

Handarbeid av John Helmer Harsvik er eit pløygd kunstverk som kan sjåast i Bjugn. Verket gir eit generasjonsperspektiv på landbruket. Foto: Dan Ågren/LANDART Fosen

Fotarbeid er laga av Laila Iren og Svein Roger Veire. Dette verket kan også sjåast i Bjugn. Det er laga med treskjærsplog. Laila Iren er leiar i Bjugn Bondelag. Foto: Dan Ågren/LANDART Fosen

Kunstnar eller bonde?

Når kunstutstillinga er ferdig i slutten av månaden, skal Arne Hernes og dei andre bøndene i prosjektet treffast og sjå kva dei kan gjere neste år. For dette har gitt meirsmak.

- Ja, det har verkeleg det. Eg har køyrt to verk, og det kunne vore artig å gjere meir utav det. Tankane svirrar heile tida, fortel Arne Hernes, som har fått gode tilbakemeldingar frå både kollegaer og andre.
- Det vi gjer er å framsnakke landbruket. Og med dette prosjektet viser vi at jorda kan brukast til så mykje.
- Kjenner du deg som ein kunstnar no?
- Eg kjenner meg ikkje som det, men eg høyrer dei seier at vi er det, ler Arne Hernes.
- Ja, kanskje eg er det også? Men det sitt langt inne å kalle seg det, seier den tidlegare leiaren i Ørland Bondelag.

Er du i nærleiken av Fosen og har lyst til å sjå kunstverka? Her finn du eit kart over kvar du kan sjå dei.

Kreativ møteplass mellom bønder og kunstnarar. Foto: Dan Ågren/LANDART Fosen

"Landingsstripe for pollinatorer" er laga av kunstnar Benedicte Lyssand. Her er det sådd ei 2,5 meter brei og 3 km lang stripe av blodkløver, parallelt med flystripa på Ørland Hovedflyplass. Kunstverket ligg innafor raud støysone, på folkemunne kalla blodraud støysone. Foto: Dan Ågren/LANDART Fosen

Landart er standbunden kunst - og ein del av kvardagslivet. Som her på Ørlandet. Foto: Dan Ågren/LANDART Fosen