Kunstnarar med plog og harv
Bønder på Fosen har utvida bruksområda til jorda og maskinparken det siste året. Det har det blitt kunst av.
- Det har vore artig og utfordrande, og inspirerande å treffe nye folk og tenkje litt annleis, seier Arne Hernes, nyleg avgått leiar i Ørland Bondelag og ein av dei som har vore med på LandArt Fosen sidan ideen vart sådd for tre år sidan.
LANDART Fosen er eit prosjekt der bønder i Ørland og Bjugn samarbeider med kunstnarar om å utvikle og produsere unike kunstverk som er tilpassa staden og kulturlandskapet. Tidlegare i månaden opna utstillinga med om lag 20 kunstverk i dei to kommunane.
- Det har vore eit bra treffpunkt og artig for oss å halde på med litt andre ting enn det vi gjer til vanleg. Landbruket på Fosen treng ein positiv drive, og det har dette prosjektet vore, fortel Hernes.
Kreativ og agronomisk utfordring
Sjølv har han laga to av kunstverka i årets utstilling i lag med far sin, Reidar Hernes. Det eine verket er inspirert av kunstnaren Hannah Ryggen og hennar vevnader. Ho budde på garden der Hernes bur i dag, og dei har laga verket Åkergrønn, eit utsnitt av hennar vevnad Potteblått. Utsnittet deira er på 104 x 104 meter.
- Det verket var både ei kreativ og agronomisk utfordring. Frå før av visste eg ikkje for eksempel korleis eg skulle lage renningane i ein vev med ein traktor, fortel Arne Hernes.
Kunst med ein bodskap
Det var kunstnaren Mari Meen Halsøy som fekk LandArt til Fosen og som har vore ein av prosjektleiarane.
- Verka vi har laga tematiserer mellom anna FNs internasjonale år for jordsmonn, biologisk mangfald og støyproblematikken i samband med utbygginga av den militære flyplassen på Ørlandet, fortel ho.
- Fosen fungerer også bra til eit slikt prosjekt fordi det er så flatt med mange utkikspunkt, fortel ho.
Halsøy har tidlegare jobba med LandArt i tre år i Gjerdrum, og sette i gang LandArt Fosen i lag med Galleri Molo på Ørlandet. Med pengestøtte frå fleire ulike instansar har dette resultert i ei kunstutstilling som opna 8. november. I tillegg til verk på fleire jorde, er det kunst i stein og veggmaleri i utstillinga.
(Artikkelen held fram under bileta)
Kunstnar eller bonde?
Når kunstutstillinga er ferdig i slutten av månaden, skal Arne Hernes og dei andre bøndene i prosjektet treffast og sjå kva dei kan gjere neste år. For dette har gitt meirsmak.
- Ja, det har verkeleg det. Eg har køyrt to verk, og det kunne vore artig å gjere meir utav det. Tankane svirrar heile tida, fortel Arne Hernes, som har fått gode tilbakemeldingar frå både kollegaer og andre.
- Det vi gjer er å framsnakke landbruket. Og med dette prosjektet viser vi at jorda kan brukast til så mykje.
- Kjenner du deg som ein kunstnar no?
- Eg kjenner meg ikkje som det, men eg høyrer dei seier at vi er det, ler Arne Hernes.
- Ja, kanskje eg er det også? Men det sitt langt inne å kalle seg det, seier den tidlegare leiaren i Ørland Bondelag.