- Kritisk fase av forhandlingane
Jordbruksforhandlingane pågår utover kvelden torsdag.
I dag er det tredje dag med relle forhandlingar mellom bondeorganisasjonane og staten i årets jordbruksforhandlingar, og forhandlingane er no inne i ein kritisk fase.
- Forhandlingane er krevjande og vi er inne i ein kritisk fase, vedgård jordbrukets forhandlingsleiar, Lars Petter Bartnes.
- No har vi intens møteverksemd og mange krevjande vurderingar framfor oss, seier Bartnes.
- Les også: Forhandlingane pågår framleis
- Les også: Jordbruket starter forhandlinger
Fredag 6. mai, etter grundig gjennomgang av tilbodet varsla bondeorganisasjonane at dei ville møte staten til forhandlingar.
- Vi går inn i dette med klare forventningar om at regjeringa viser betydeleg forhandlingsvilje. Forhandlingsvilje er heilt avgjerande for å møte jordbrukets krav, og for å komme fram til ein jordbruksavtale, sa Lars Petter Bartnes då.
Helga og måndag vart brukt til prosedyregjennomgang. No pågår forhandlingane, som skal vere avslutta seinast fredag 13. mai.
- Les også: Kva er jordbruksoppgjeret?
- Les også: Alt om jordbruksoppgjeret 2016