Regelverket for traktor har knappast vore oppdatert sidan den gongen ein vanleg landbrukstraktor hadde 60 hestekrefter og gjekk i 30 km/h, med vekt som ein litt stor personbil. Etter som andre reglar er blitt endra, og traktorane er blitt større og større, har traktorane vakse seg inn i andre regelverk enn dei er meinte å vere underlagt. Samstundes har landbruket endra seg svært mykje, og traktorbruken deretter.

- Det å kunne bruke traktoren på trygt vis, utan unødige hinder, er ein føresetnad for å kunne drive landbruk som i dag, heiter det i brevet til landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum og samferdselsminister Marit Arnstad frå Norges Bondelag, Bedre gardsdrift og Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF).

Omfattande revisjon

- Vi ber om ein omfattande revisjon av regelverket. Det vil gjere det enklare for tenestefolk frå ulike etatar å handheve regelverket, og traktorføraren vil kunne vite kva reglar som gjeld. Ein slik revisjon vil også redusere Vegdirektoratets behov for å gjere tolkingar og vurderingar, og den vil gi færre utilsikta uheldige utslag, heiter det.

Vi ber om svar frå dei to statsrådane som har eit særleg ansvar for dette, knytt til punkta under:

a) Kva vil bli gjort?

b) Kor snart vi kan vente oss tenelege resultat?

Her kan du lese "Ope brev til samferdselsminister Marit Arnstad og landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum"