Krev ny behandling av 70 rovdyrsaker

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Norges Bondelag møtte miljøvernministeren onsdag. Krevde ny behandling av 70 rovdyrsaker.

Onsdag møtte Norges Bondelag miljøvernminister Tine Sundtoft for å kreve ny behandling av 70 rovdyrsaker med bakgrunn i Krokann-dommen. Årsaka er at Miljødirektoratet har gitt fleire bønder avslag på å få realitetsbehandla klage på rovdyrerstatning, basert på prinsippa fastsett i Krokann-dommen. Det er Norges Bondelag som har bedd om møtet.

Les heile brevet frå landbruksorganisasjonane.

- Krokann-dommen er ei pilotsak der dommen skal ha mykje å seie for korleis forvaltninga skal praktisere erstatningsforskrifta. Når det ikkje blir gjort må den politiske leiinga ta grep, sa styremedlem i Norges Bondelag, Einar Frogner før møtet onsdag.

Forventar endring

Einar FrognerKrokann-dommen pålegg miljøforvaltninga å dempe krava til dokumenterte tap i besetninga for å utbetale erstatning for rovdyrskade. Sauebonde Ola Krokann fekk i Sør-Trøndelag Tingrett medhald i at han skulle hatt rovdyrerstatning for fleire tapte sauar enn han fekk for beitesesongen 2008. Staten meinte saksforholdet var prinsipielt, og anka saka til lagmannsretten. Krokann fekk også medhald der, og dommen vart dermed ståande.

Einar Frogner stilter i møtet med miljøvernministeren onsdag, i lag med representantar frå Norsk Sau og Geit og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.Han hadde i forkant av møtet store forventningar om at statsråden skal ta reelle grep i saka.

- Den sitjande regjeringa har gitt uttrykk for at dei vil endre rovdyrpolitikken og få ned konfliktnivået. Ikkje å følgje opp ein prinsipiell dom, er ikkje å få ned konfliktnivået, seier Frogner.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere