Måndag kl 19.00 er det klart for eit nytt stormøte om regjeringas jordbruksmelding. Over 400 bønder og andre interesserte møtte opp på det første stormøtet på Skei i Sogn og Fjordane siste veke. Måndag kveld er det klart for stormøte på Varhaug i Rogaland.

Rogaland er det fylket i Noreg som har største verdiskaping frå landbruksnæringa, og det er venta at mange vil møte opp for å høyre kva leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, landbruks- og matminister Jon Georg Dale og opposisjonspolitikarar frå næringskomiteen på Stortinget seier om den nye meldinga.

Program:

19.00: Velkommen ved Hå-ordfører Jonas Skrettingland

19.10: Ole Christian Hallesby, rådgjevar og rekneskapsførar for landbruket: Korleis skal bonden forholde seg til og tilpasse seg dagens politikk?

19.40: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

20.10: Pause.

20.40: Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

21.00: Knut Storberget (Ap).

21.10: Pål Farstad (V)

21.20: Geir Pollestad (Sp).

21.30: Open debatt med spørsmål frå salen under leiing av tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland

22.30: Avslutning.

Det er Bondelaga i Hå, Hå kommune og Sparebank 1, SR- bank som arrangerer møtet i Varhaughallen.