Onsdag 6. juni samlast nærare 300 utsendingar, gjestar og tilsette i Norges Bondelag til det årlege Bondetinget på Lillehammer. Bondetinget er årsmøtet i Norges Bondelag, det øvste organet i organisasjonen. Utsendingar blir valde årsmøta i fylkesbondelaga, basert på medlemstal i fylket. Kvart fylke har minst tre utsendingar, og i tillegg deltar medlemmane i representantskapet samt fire utsendingar frå både Norges Bygdeungdomslag og Norges Bygdekvinnelag på årsmøtet med røysterett. 

Alt som skjer i årsmøtesalen blir sendt direkte frå og med onsdag morgon. 

Årsmøtet startar med leiars tale og generaldebatten onsdag. Onsdag kjem også landbruks- og matminister Jon Georg Dale til Bondetinget for å innleie og delta i ordskifte. Onsdag kveld er den store årsmøtemiddagen, der bondelagskokk Nils Henning Nesje står for menyen, ein meny basert på sesongens beste råvarer frå Noreg. Under middagen blir det også utdeling av prisen for Årets lokallag 2017 og utdeling av stipend til Årets Askeladd. 

Marknadsbalansering eige tema

Torsdag er det duka for eit større ordskifte om landbrukssamvirka si rolle i den norske matvaremarknaden, med innleiingar frå konsernsjefane i Tine og Nortura, Hanne Refsholt og Arne Kristian Kolberg. Nestleiar i Venstre, Terje Breivik gjestar Bondetinget torsdag, og det skal veljast nytt styre. Valnemnda har innstilt på attval av heile leiartrioen. 

Smaken av Oppland

Som vanleg er det også representantskapsmøte tysdagen før årsmøtet. Representantskapet er eit rådgivande organ for styret og årsmøtet i Norges Bondelag, og i tillegg til styret og fylkesleiarane i Norges Bondelag sit representantar frå 16 andre landbruksorganisasjonar i representantskapet. Årsmøteutsendingane kjem til Lillehammer tysdag kveld, og då kjem dei til å få smake at dei er i Oppland og innlandet. Då blir det servert buffet med utvalde råvarer frå regionen.