Alle fylkeslaga i Bondelaget kårar kvart år Årets lokallag. Tittelen går til eit lokallag som har gjort ein spesielt bra innsats i året som gjekk. 18 lokallag kjempar no om den gjeve tittelen Årets lokallag 2017, som blir kåra på årsmøtet i Norges Bondelag på Lillehammer i juni. 

Malvik Bondelag vart kåra til Årets Lokallag i Sør-Trøndelag. Her mottar Arve Ørsjødal og Paul Vikhammer frå lokallaget prisen frå fylkesleiar i Sør-Trøndelag, Kari Åker. Laget har jobba spesielt mykje med jordvern i 2017. 

Enebakk Landbrukslag fekk den gjeve prisen for Årets lokallag i Akershus, mellom anna for jobben med rovdyrpolitikk.  På bildet: Jørgen Tohorshov frå Enebakk, Sigurd Enger, leiar i Akershus, Elin Slette, leiar i Enebakk landbrukslag og Eli Berven, nestleiar i Akershus.

Olav Botnevik med diplomet for årets lokallag

Leiar i Os Bondelag, Olav Botnevik med det synlege provet på at laget er Årets lokallag i Hordaland. Laget fylte 150 år i 2017 og hadde ekstra stor aktivitet i samband med jubileet.

Skiptvet Bondelag har mellom anna vore med på å lage kunstutstilling i året som gjekk. Lokallaget vart kåra til Årets Lokallag i Østfold, og fekk prisen frå fylkesleiar Svend Arild Uvaag. 

Nes og Helgøya Bondelag har gått i bresjen for dugnadsfiber til fleire hundre husstandar på Nes og Helgøya, og fekk prisen som Årets Lokallag i Hedmark. Her er lokallagsleiar Mari Gjestvang og fylkesleiar Erling Aas-Eng.  

Andebu Bondelag feira 150-årsjubileem med stor aktivitet i 2017, og toppa det heile med å bli kåra til Årets lokallag i Vestfold. Her er organisasjonssjef Elin Røed, fylkesstyremedlem Karine Huseby og Alf Solberg, Kristian Nilsson og Erik Grytnes frå Andebu Bondelag. 

Alta Bondelag vart kåra til Årets lokallag i Finnmark, mellom anna for innsatsen med å arrangere Open Gard og jobbe for jordvern. Lokallagsleiar Lasse Johnsen mottok prisen frå  fylkesleiar Grete-Liv Olaussen. 

Gjerpen og Solum Bondelag er Årets lokallag i Telemark. Dei har høg aktivitet og ein god informasjonsstrategi. Her er Ivar Gulseth, Johan Martin Tovslid, Nina Nærum og Helene Hoppestad frå styret i lokallaget. 

Kjell Arne Heggheim med det synlege provet på at Kjølsdalen Bondelag er Årets lokallag i Sogn og Fjordane. Dei får prisen mellom anna for det gode vervearbeidet sitt. 

Lier Bondelag er Årets lokallag i Buskerud. Leiar Wiggo Andersen og resten av styret mottok prisen for sine høge aktivtet gjennom mange år. 

Ørskog Bondelag vart kåra til Aktivit Lokallag i Møre og Romsdal, og kunne ta imot vandrepremieren, trekofferten. Her er fylkesleiar Oddvar Mikkelsen, leiar Knut Ivar Bøe og nestleiar Eli Sjåstad i Ørskog Bondelag, og styremedlem i Norges Bondelag, Birte Usland. Ørskog Bondelag har eit høgt aktivitetsnivå og jobbar med mange ulike saker gjennom året.

Guro Hem Vevstad frå Gjerstad Bondelag tar imot prisen for Årets lokallag i Aust-Agder frå nestleiar i fylkesstyret, Marit Gunn Tveit. Åseral Bondelag fekk prisne som Årets lokallag i Vest-Agder. 

Tromsøysund Bondelag er Årets lokallag i Troms. Leiar Ellinor Jensen fekk prisen av dåverande fylkesleiar, Asgeir Slåttnes. 

Linda Suleng frå Østre Toten Bondelag med det synleget provet på at laget er Årets lokallag i Oppland. 

Leksvik Bondelag er Årets Lokallag i Nord-Trøndelag. Lokallagsleiar Morten Stefan Berg fekk prisen frå fylkesleiar Borgny Grande. 

Vefsn Bondelag fekk prisen for Årets Lokallag i Nordland, mellom anna for det gode vervearbeidet sitt. Lokallagsleiar Roger Eliassen tok imot prisen frå fylkesleiar Ståle Nordmo. 

I Rogaland var det Bjerkreim Bondelag som stakk av med tittelen Årets Lokallag. Bildet er tatt i samband med bålaksjonen i januar 2017, eitt av mange arrangement i regi av det aktive lokallaget i fjor.