- Kjem ikkje av seg sjølv

Publisert 12.07.2017
  • Tips en venn om denne siden

kristin
Tidligere 1.nestleder i Norges Bondelag, Kristin Ianssen, fortalte bønder fra hele verden om hvordan landbruket i Norge har arbeidet for å oppnå god dyrehelse. Foto: Hildegunn Gjengedal.

Tidligere nestleder i Bondelaget fortalde verdas bønder om berekraftig norsk husdyrproduksjon

- Gode dataregister, god avl, importvern og bøndene sin innsats har vore avgjerande for den gode norske dyrehelsa. Det sa tidlegare nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen då ho heldt innlegg for verdas bønder samla i Helsinki.

Ianssen heldt innlegg på eit seminar i samband med generalforsamlinga i World Farmers` Organisation. Temaet for seminaret var berekraftig husdyrproduksjon – trendar og framtidsutsikter.

Samarbeid mot antibiotika

Svineprodusenten frå Østfold fortalde korleis norske produsentar har bygd opp ein berekraftig husdyrproduksjon med m.a. den lågaste bruken av antibiotika i verda, ved sidan av Island. Dei fleste i salen og dei andre innleiarane var samde om at høg antibiotikabruk er mellom dei største utfordringane i landbruket.

- Men det har ikkje kome av seg sjølv. Det var bøndene sjølve, saman med veterinærane og styresmaktene, som bestemte seg for å redusere bruken. Og det klarte vi. Frå 1995 til 2001 gjekk bruken av antibiotika ned med 40%, sa Ianssen.  Auka fokus på førebyggande tiltak framfor behandling av sjuke dyr var ein viktig suksessfaktor.

Ho fortalde også korleis samvirka sitt avlsarbeid har vore viktig.

- Vi har hatt breie avlsmål, der vi har avla fram effektive, robust og friske dyr. Alle bøndene har fått tilgang på genetikken, og bøndene har bidratt inn med verdifull data. Det har vore tett kontakt mellom forsking og brukaren av resultata, framheva Ianssen. Ho peika også på kor viktig det er å ha gode register, som til dømes husdyrregisteret, og eit sterkt importvern.

- Vår produksjonsmåte som tidlegare vart sett på som gammaldags og tungvint blir no sett pris på av forbrukaren. Dei vil ha sporbar  mat frå einingar med god dyrevelferd , som er sunn og trygg.

Men det stiller også krav til bonden, påpeika Ianssen:

- Vi seier til forbrukaren at dei veit kva dei får når dei kjøper norsk. Det forpliktar oss til å vere opne om kva vi gjer.

Treng god nok pris og importvern

Men Ianssen peika også på at det likevel er utfordringar, særleg knytt til forbrukarens prisjag, som enno ikkje er over.

- Vi treng gode reguleringar, eit sterkt samvirke og eit solid importvern, i tillegg til gode prisar, sa Ianssen.

Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er medlemmer av World Farmers` Organisation.  Under generalforsamlinga vart det vedteke ein ny strategisk plan og politiske dokument om matsikkerheit, klima og husdyrhald.

Theo de Jager frå Sør-Afrika vart valt til ny leiar. Du kan lese meir om organisasjonen og generalforsamlinga her: , og på våre nettsider: her og her

 

 

 

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere