2. nestleder, Brita Skallerud, leder Nils T. Bjørke og 1. nestleder Kristin Ianssen.

Appell fra Nils T. Bjørke, leiar i Norges Bondelag, tirsdag 20. mai:

Det er utruleg kjekt å sjå det overveldande frammøtet av bønder og støttespelarar frå heile landet. Det er ei travel tid for oss bønder, me skulle helst ha vore heime i full gang med matproduksjon, men me har vald å gjennomføre ein kraftig demonstrasjon fordi det no er heilt naudsynt å seie klart og tydeleg frå.

Me seier ja til auka norsk matproduksjon, me seier ja til berekraftige endringar. Me vil ha eit landbruk på norske gras-, og kornressursar, me vil ha eit klimasmart landbruk, me vil ha levande landskap, me vi ha landbruk i heile landet! Me vi ha eit landbruk som gjer grunnlag for ein sterk norsk næringsmiddelindustri.

- Verkar ikkje som om ministeren ein gong har lese vårt krav

Derfor seier me nei til eit minusoppgjer for nokon, eit dårleg oppgjer for mange og prioritering av nokon få. Me seier nei til eit opplegg som fjernar oss frå Stortinget sitt mål om auka sjølvforsyning. Me vil ikkje ha meir sentralisering, me vil ikkje verte meir avhengige av import. Norsk landbruk er den næringa som endrar seg mest i norsk næringsliv. Me har foreslått ein rekke endringar og forenklingar i vårt krav til jordbruksforhandlingane, men det verkar ikkje som om ministeren ein gong har lese vårt krav når ho stadig gjentek at me ikkje vil ha forandringar.

- Staten har synt uvanleg liten forhandlingsvilje

Styrka inntekt er avgjerande for auka matproduksjon. Eit tilbod på vel 10 000 kr i snitt, der mange får mykje mindre, gjev ikkje utvikling som andre grupper når me veit at dei får 17 000 kr pr årsverk. Tal-leik med prosentar gjev ikkje meir pengar i pungen. Inntektsgapet vert større. Slikt gjev ikkje rekruttering! Staten har synt uvanleg liten forhandlingsvilje. Det hjelper liten med open dør til Listhaug når det er tomt bak døra.

- Forhandlingar med ultimatum før dei har byrja er ikkje reelle

Sylvi Listhaug visar no korta: Har ho eigentleg vore interessert i ei avtale med jordbruket? Har ho styrt mot brot heile tida?  Alt før me la fram kravet, gjekk ho ut med ultimatum om at det ikkje skulle leggjast ei budsjettkrone meir på bordet. Forhandlingar med ultimatum før dei har byrja er ikkje reelle. Dette er overtramp av spelereglane, og kan gje følgjer også i andre sektorar. Er Høgre verkeleg tent med at FrP undergrev den norske modellen?

- Stortingsfleirtalet kan ikkje bli mindretalets gissel i landbrukspolitikken

Bjella heng no på katten, på landbruksministeren og regjeringa. KrF og V treng ikkje tvila på at jordbruket ville strekkje seg langt for ein avtale. Saka ligg no i Stortinget. Stortingsfleirtalet må syte for at regjeringa førar ein landbrukspolitikk i tråd med deira syn og landbruksmeldinga. Stortingsfleirtalet kan ikkje bli mindretalets gissel i landbrukspolitikken. Dei kan ikkje godta at regjeringa med tilbodet snur norsk landbruk på hovudet, mot viljen til det store fleirtalet i folket.

- Fridom er å ha økonomi og tid til å vere ein dyktig bonde

Listhaug bruker ”slepp bonden fri” som argument for å ta vekk produksjonstak og verkemiddel i landbrukspolitikken. Ein marknad der me vert pressa enda hardare, der råvareprodusenten sin plass er nederst i verdikjeda, det er ikkje fridom for bonden. Ei betre definisjon av fridom handlar om eit landbruk i verdstoppen når det gjeld trygg mat og dyrehelse. Fridom er å ha økonomi og tid til å vere ein dyktig bonde. Fridom for bonden er å vere stolt av råvarene dei leverer, og at dei er grunnlag for ein næringsmiddelindustri. At dei er basisen for eit stort og mangfaldig utval for forbrukarane og kvalitetsmat for alle. For Norge er det ein større fridom i vite at me har matsikkerheit og kan brødfø eige folk enn å vere avhengig av ein veksande import frå ein stadig meir usikkert verdsmarknad.

- Uvanleg stor avstand mellom oss og staten

Det blei brot i jordbruksforhandlingane fordi det var uvanleg stor avstand mellom oss og staten. Stor avstand i økonomisk ramme, og svært ulikt syn på fordeling mellom ulike brukstypar og produksjonar. Med liten eller ingen forhandlingsvilje frå staten hadde ikkje me noko val. Norges Bondelag vil ha berekraftig og framtidsretta produksjon av mat på norske ressursar.

Me har verdas vitigaste arbeid. Verda treng meir mat. Bonden treng du kvar dag. Norge treng bonden!