Illustrasjonsfoto: Erlend Hytterud.I artikkelen "Vegrett", skriv advokat Sissel Fykse i Norges Bondelag at prinsippet er at alle som nyttar vegen skal betala i høve til kor mykje dei nyttar den. Det same utgangspunktet gjeld dersom vegen skal utbetrast.

I artikkelen svarar Fykse å eit spørsmål frå eit Bondelagsmedlem som har bygd ny skogsbilveg, utan at naboen ville vere med på utbygginga. -No hevdar han at han kan disponera vegen fritt. Det er bom på vegen og eg har nøkkel. Naboen har tilbod om å låna nøkkel når han treng. Naboen meiner at han har rett til eigen nøkkel slik at han fritt kan nytta skogsbilvegen, heiter det.

- Prinsippet er at alle som nyttar vegen skal betala i høve til kor mykje dei nyttar den. Det same utgangspunktet gjeld dersom vegen skal utbetrast.

Ut i frå dette kan eg vanskeleg sjå at naboen skal ha rett til å nytta vegen du har bygd utan at han kjøper seg inn i veganlegget og tek del i vedlikehaldet av vegen, skriv Fykse.

Artikkelen er en del i serien "Jus i landbruket" som tidligere har stått på trykk i Bondebladet.