IllustrasjonsbildeFram til 1. september i år måtte ein ta køyreopplæring for vogntog for å kunne køyre på veg med traktorar som går i 50 km/t. Prislappen på ei slik køyreopplæring ligg på rundt 100.000 kroner. No er reglane forenkla, etter mange års arbeid frå mellom anna Norges Bondelag.

Bra for tryggleiken

- Enklare førarkortreglar for traktorar som går i 50 km/t er viktig fordi mange av medlemmane våre vart råka av dei instrammingane som skjedde i 2005, då det kom krav om lastebilførarkort for slike traktorar, seier Amund Johnsrud, seniorrådgjevar i Norges Bondelag.

- Det er mykje betre, også med tanke på tryggleiken i trafikken at vi no får ei tilpassa opplæring for førarar av slike traktorar, seier han.

Etter dei nye reglane treng førarar av traktorar som går i 50 km/t vanleg førarkort for bil samt åtte timar kursing på ein køyreskule. Ein treng minimum to køyretimar i tillegg til teori. Dette er ei mykje rimelegare løysing for bønder med slike traktorar, og denne er forenklinga er noko Norges Bondelag har jobba lengje for å få gjennomslag for.

Fleire års arbeid

- Saka har blitt tatt opp med forrige og sitjande regjering i fleire omgangar, gjennom høyringsfråsegner og møte med leiinga i departementet. Norges Bondelag har samarbeidd med Traktorimportørenes forening og fagbladet Betre gardsdrift om dette, fortel Amund Johnsrud.

- Saka var i ferd med å bli løyst hausten for eitt år sidan, men vart utsett grunna innvendingar frå regionale instansar i Statens Vegvesen og Maskinentreprenørenes forbund. Vi er glade for at det no har komme gode løysingar som i det store og heile er i tråd med framlegget til forskrift slik det låg føre i fjor. Det er derfor grunn til å gje ros til både Solberg-regjeringa og dei raudgrøne i denne saka, avsluttar ein fornøgd Amund Johnsrud.