Partane i jordbruksoppgjeret har no sete i lag i to dagar for å gå igjennom kravet og tilbodet. På dette tidspunktet i forhandlingane, stiller partane med fulle delegasjonar. Det vil seie at heile forhandlingsutvalet til staten og jordbruket samt fagfolk frå administrasjonane, sitt i lag og går igjennom dokumenta for å klargjere prioriteringar og posisjonar før eventuelle vidare forhandlingar. 

Dette arbeidet vil halde fram utover kvelden onsdag og på torsdag, som er Kristi Himmelfartsdag.

Jordbrukets forhandlingsutval som består av representantar frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, varsla på måndag at dei ville gå i forhandlingar med staten. Møta mellom partane starta tysdag 8. mai. Jordbruksforhandlingane skal vere avslutta seinast onsdag 16. mai.