Sist veke lytta landbruksminister Sylvi Listhaug til debatten om jordbruksavtalen på Bondetinget. I dag var det debatt i Stortinget, og avtalen vart vedtatt.

Mens representantane frå regjeringaspartia brukte mykje tid på å skryte av at den sitjande regjeringa har skapt optimisme i landbruket, la opposisjonen og støttepartia vekt på at landbruket må sikrast inntektsutvikling på linje med andre grupper, då Stortinget i dag debatterte årets jordbruksavtale.

- Skal vi kunne sikre oss god rekruttering, må vi kunne tette inntektsgap. Det blir ei betydeleg oppgåve i framtidige oppgjer, sa Knut Storberget, som også stilte spørsmål til Høgre si landbrukspolitiske talskvinne, Ingunn Foss om inntektsutvikling i landbruket.

- Målet er at bønder skal ha inntektsutvikling på nivå med andre grupper, svarte Foss då.

KrF utfordra på inntektsmål

Line Henriette Hjemdal og Knut Arild Hareide frå KrF på Bondetinget. Lovnadene derifrå vart ikkje gjentatt i Stortinget i dag.

- For KrF er det viktig å sikre bondens inntekt, sa Line Henriette Hjemdal frå KrF, som gjorde den raudegrønne regjeringa ansvarleg for ikkje å ha gitt noko retning på inntektsutviklinga i landbruksmeldinga frå 2012.

Til gjengjeld vart ho utfordra frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet på kva mål KrF har for inntektsutvikling i landbruket, etter at KrF-leiar Knut Arild Hareide sa i ein tale til Bondetinget at ”Vi står ved vårt mål om å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre i samfunnet. Da vet jeg som siviløkonom at det må til en inntektsvekst som er mer enn kronemessig lik”.

- Klart definerte inntektsmål frå politikarane i Stortinget er viktigare enn festtalar på Bondetinget, påpeika Geir Pollestad frå Senterpartiet.

- Meir til mindre og mellomstore

Strukturutviklinga i landbruket vart også tatt opp i debatten.

- Eg vil åtvare mot å tenkje berre på større og sentrale bruk. Heile landet og alt tilgjengeleg areal må bli tatt i bruk, sa Line Henriette Hjemdal (KrF) i sitt innlegg.

- Vi har betydelege utfordringar på struktur. Det som vart vedtatt i fjor blir vidareført. Det er viktig for framtidige jordbruksoppgjer at vi får med oss alle for å auke kapasiteten, slik at vi kan nå målet om auka norsk matproduksjon på norske ressursar, sa Knut Storberget (AP).

Betre i posisjon enn i opposisjon

Han meiner at landbrukspolitikken har tatt ei riktig retning etter at budsjettoverføringane vart auka i årets avtale, frå 0 til 45 millionar.

- Det er gledeleg at Høgre og FrP har forlatt den linja dei  hadde då dei lagde alternative budsjett med store kutt i overføringane til landbruket då dei satt i opposisjon, sa Storberget.

Både Per Olaf Lundteigen (SP), Karin Andersen (SV) og Rasmus Hansson (MDG) snakka om kor viktig jorda er for alt jordbruk, og kor knapp denne ressursen er og at alt tilgjengeleg areal derfor må bli tatt i bruk.

Glad for tydelege signal

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, følgde debatten frå Stortingssalen i dag. Her fotografert framom Stortinget ved eit tidlegare høve.

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes følgde dagens debatt frå Stortingssalen, og han er godt fornøgd med dei signala han fekk frå opposisjonspartia og støttepartia gjennom debatten.

- Eg opplever at målet om meir matproduksjon på norske ressursar ligg fast, og eg merkar meg at inntektsutvikling er noko mange berører i debatten. Det er tydelege signal frå Stortinget om at det er behov for å tette inntektsavstanden til andre grupper, seier Lars Petter Bartnes.
- Både støttepartia og opposisjonen understreker behovet for meir budsjettmidlar for å sikre betre inntektsutvikling for mindre og mellomstore bruk. Det er viktige signal, seier Bartnes, som opplevde å få mykje skryt for Norges Bondelag sin innsats med å få til ein jordbruksavtale.

- Legitimerer forhandlingsinstituttet

- På vegne av Arbeidarpartiet vil eg seie at det er bra at ein har greidd å få til ein avtale på eit så viktig felt. Vi meiner det er ein føresetnad for å nå ambisiøse mål om matproduksjon, at forhandlingsinstituttet består, sa landbrukspolitisk talsmann i AP, Knut Storberget.
- All honnør til partane som inngjekk avtale. Det legitimerer forhandlingsinstituttet, sa landbrukspolitisk talskvinne i KrF, Line Henriette Hjemdal.
- Eg er glad for at vi i år har ein inngått jordbruksavtale til handsaming. Det viser at avtaleinstituttet verkar, sa Venstre sin landbrukspolitiske talsman, Pål Farstad i debatten i Stortinget.

Stortinget vedtok avtalen

Også statsråd Sylvi Listhaug og landbrukspolitisk talsmann i FrP, Morten Ørshal Johansen gav Norges Bondelag ros for å ha inngått avtale. Dei nytta samstundes høvet til å kritisere Norsk Bonde- og Småbrukarlag for å bryte forhandlingane.

- Eg er fornøgd med at både opposisjonen, støttepartia og regjeringspartia gir støtte til at vi inngjekk avtale, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Karin Andersen frå SV meinte derimot at Stortinget har eit sjølvstendig ansvar for at landbrukspolitikken når måla for norsk matproduksjon. SV stemte i mot avtalen, i lag med Miljøpartiet De Grønne. Per Olaf Lundteigen frå SP stemte også i mot.