Samstundes må tilbodet  forankrast hos og anerkjennast av leiinga i kommunen, ikkje bare av enkeltpersonar i den kommunale administrasjonen. Det kjem fram i ein rappport som er laga for IPT-nettverket og Telemark Bondelag av Paul Alfsen og Njål Myrseth.

.Rapporten, kalla "Inn på tunet - ut i kommunen" vart presentert på ein konferanse på Århus gård i Skien. Omlag 40 deltakarar, både frå kommunane og frå tilbydarsida av IPT fekk ei orientering om dei funn forfattarane av rappportten har identifisert etter å ha intervjua  representantar for kjøparsida i seks kommunar i Telemark samt snakka med eit utval av tilbydarar: Forfattarane oppsummere sine funn slik: 

“Tilbydere” opplever mye uforutsigbarhet og lite framtidsutsikter, utover 6mnd, i forhold til å tilby tjenesten.
Det skapes en felles forståelse for hvor viktig tjenesten IPT er, og veien for å nå dit er å kommunisere i alle ledd.
IPT er i dag et tilbud som ikke er lovpålagt. Dette igjen gjør det ekstra viktig å forankre tilbudet i kommuneledelsen.
Enkan med sikkerhet fastslå at antall tilbydere ikke vil stabilisere seg eller øke etter å se hvordan kjøpersiden er organisert.

I tillegg til  framlegginga av prosjektrapporten, var det også innlegg frå skuleadminstrasjonen i Siljan og helse- og sosialetaten i Hjartdal v/  Høvesvis Morten Nystad og Margit Karlsen-Rinde. I begge desse kommunane er det eraring med IPT og dei to kommunale representantane fortalde om svært positive erfaringar med å bruke IPT som alternativt tenestetilbod. Det same sa også terapeut ved NAV i Bø Espen Eriksen, som samtidig beklaga at tilbodet dei hadde på Valen i Flåbygd ikkje vart vidareført. NAV si avvikling av denne avtala er ein illustrasjon på nokre av dei utfordringane som finstfor å utvikle IPT som varig og stabilt tenestetilbod. Ei vidare utvikling føreset ei langsiktig tenking og vilje frå kjøparsida.

Som ei oppfølging av arbeidet med rapporten vert det viktig for IPT-nettverket i Telemark og Telemark Bondelag å forsterke kontakten mot kommunepolitikarane for å formidle kunnskap om kva IPT står for og har gitt av positive resultat for mange brukargrupper. Det vert også nødvendig å organisere tilbydarsida betre enn i dag, for å møte kommunanes behov på ein effektiv måte.

Myrseth og Alfsen sin presentasjon kan du sjå her

Les heile rapporten her