IPT: Bør bli meir langsiktige avtaler
Tilbydarane av Inn på tunet-tenester treng meir føreseielege vilkår for drifta si enn mange har i dag.
Samstundes må tilbodet forankrast hos og anerkjennast av leiinga i kommunen, ikkje bare av enkeltpersonar i den kommunale administrasjonen. Det kjem fram i ein rappport som er laga for IPT-nettverket og Telemark Bondelag av Paul Alfsen og Njål Myrseth.
.Rapporten, kalla "Inn på tunet - ut i kommunen" vart presentert på ein konferanse på Århus gård i Skien. Omlag 40 deltakarar, både frå kommunane og frå tilbydarsida av IPT fekk ei orientering om dei funn forfattarane av rappportten har identifisert etter å ha intervjua representantar for kjøparsida i seks kommunar i Telemark samt snakka med eit utval av tilbydarar: Forfattarane oppsummere sine funn slik:
I tillegg til framlegginga av prosjektrapporten, var det også innlegg frå skuleadminstrasjonen i Siljan og helse- og sosialetaten i Hjartdal v/ Høvesvis Morten Nystad og Margit Karlsen-Rinde. I begge desse kommunane er det eraring med IPT og dei to kommunale representantane fortalde om svært positive erfaringar med å bruke IPT som alternativt tenestetilbod. Det same sa også terapeut ved NAV i Bø Espen Eriksen, som samtidig beklaga at tilbodet dei hadde på Valen i Flåbygd ikkje vart vidareført. NAV si avvikling av denne avtala er ein illustrasjon på nokre av dei utfordringane som finstfor å utvikle IPT som varig og stabilt tenestetilbod. Ei vidare utvikling føreset ei langsiktig tenking og vilje frå kjøparsida.
Som ei oppfølging av arbeidet med rapporten vert det viktig for IPT-nettverket i Telemark og Telemark Bondelag å forsterke kontakten mot kommunepolitikarane for å formidle kunnskap om kva IPT står for og har gitt av positive resultat for mange brukargrupper. Det vert også nødvendig å organisere tilbydarsida betre enn i dag, for å møte kommunanes behov på ein effektiv måte.
Myrseth og Alfsen sin presentasjon kan du sjå her
Les heile rapporten her