Hildegunn Gjengedal og Berit Hundåla midt i bildet. Foto Kari Salonen, Maaseudun Tulevaisuus- Organisasjonen vedtok tre politiske dokument som dei hadde jobba med i eit år. På årsmøtet hadde dei ei siste runde på dokumenta før endeleg vedtak. Inntrykket er at dette er ein god og inkluderande prosess for å vedta tunge dokument, seier nestleiar i Norges Bondelag, Berit Hundåla, som deltok som gjest på generalforsamlinga.

Maktforhold, politisk gjennomslag og organisasjonsendringar

Berit Hundåla sammen med lederen i MTK Juha Marttila. Foto: Hildegunn Gjengedal.

Dokumenta handla mellom anna om maktforholda i verdikjeda for mat, korleis få politisk gjennomslag, og om interne endringar i organisasjonen.  Rundt 500 delegatar deltok på møtet, som blir arrangert kvart 5.år. MTK har 154 000 bønder og skogeigarar som medlemmer.  Organisasjonen er delt i 371 lokale jordbrukslag og 103 lokale skogeigarlag. MTK eig også den nest største avisa i Finland. 

26 prosent av BNP i Finland

Jord- og skogsektoren står for 26% av BNP i Finland. 66% av det finske landarealet er skog og 9% landbruksareal. Av landbruksarealet er litt over halvparten kornareal, og nærare 30 % gras. Det er rundt 60 000 bruk i Finland. Snittbruket er på 370 mål jord og 500 mål skog. Gjennomsnittleg mjølkebruk er på 29 kyr.

Vil ha med russerne

Som gjester på generalforsamlinga deltok representantar frå bondelag i Norden, Baltikum og Russland.  Berit Hundåla nytta sjansen til å ha møte med presidenten i det russiske bondelaget Akkor for å rekruttere dei som medlemmer i World Farmers´ Organisation, der Hundåla er styremedlem frå Europa. Akkor er eit forholdsvis ungt bondelag som organiserer private familiebruk. Det er liten tradisjon for dette i Russland. Dei var også svært interessert i å lære om norsk og anna europeisk landbrukspolitikk.

- Russland verk interessert i å bli medlem. Eg har god tru på at dei blir med, seier Hundåla.