I dag blei det kjent at valnemnda innstiller Lars Petter Bartnes som leiar i Norges Bondelag

Årsmøtet til Bondelaget for 2020 blir på Lillehammer 30. september til 1. oktober. Leiar i valnemnda, Anne Kristine Rossebø, er glad for at Lars Petter Bartnes har sagt seg villig til å lede organisasjonen fram til årsmøtet i 2021.

- Situasjonen er svært endra sidan Bartnes i vinter meldte at han ikkje ville ta gjenval. Denne våren har vore ekstraordinær. Ut frå ei samla vurdering meiner vi dette er ei svært god løysing for organisasjonen. Det er kort tid frå årsmøtet i starten av oktober til neste forhandlingsrunde våren 2021, og då er det avgjerande med den kunnskap, erfaring og anerkjenning som Lars Petter Bartnes har, seier Anne Kristine Rossebø.

Koronautbrotet har ført til store endringar i heile samfunnet og satt mykje på vent. Sjølv om det no vert opna opp er mykje usikkert, og det er ein krevjande situasjon for store deler av næringslivet, også for landbruket.

Sidan årsmøtet til Bondelaget vart utsett på grunn av korona-situasjonen,  heldt Lars Petter Bartnes fram, i lag med  styret ellers, med sine oppgåver. Rossebø peiker på at det har vore løyst på ein god måte.

 Resten av innstillinga frå valnemnda blir kjent nærmare årsmøtet i september.

Kontakt: Anne Kristine Rossebø, leiar i valnemnda i Norges Bondelag, tlf: 47630073.