Seniorrådgjevar Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag (nr 3 frå høgre) deltok som WFOs fasilitator for handelsgruppa på møte med generaldirektør i WTO, Ngozi Okonjo Iweala (midten) gjennom den rådgjevande gruppe frå sivilsamfunnet. Teksten som var lagt fram av forhandlingsleiaren frå Pakistan var generell og viste til at ein etter ministermøtet skulle lage ein plan for møte og milepælar for vidare forhandlingar. Ifølgje teksten skulle ein ta utgangspunkt i artikkel 20 i noverande WTO-avtale, som m.a. seier at ein skal redusere støtte og tollvern. Ein skulle også ta utgangspunkt i avgjerder og deklarasjonar i påfølgjande ministermøte.

Sjølv om teksten hadde fått mykje støtte blant medlemmene, skapte dette siste punktet kontroversar. Dette skuldast m.a. avgjerder om matvarelager, som India brukar, der dei kjøper opp produkt frå nasjonale bønder til høgare prisar og sel billig til forbrukarar. USA var kritisk til henvising til denne typen tidlegare avgjerder, og la fram ein kraftig forkorta tekst undervegs i møtet. India la deretter fram ein annan tekst. Når ein så mot slutten av møtet gjekk tilbake til den opphavlege teksten, stemde USA imot, og forhandlingane var over. No må medlemslanda prøve å forhandle vidare i Genève.

- Teksten var ganske generell og gjekk ikkje inn i konkrete kuttforslag på støtte og toll. Men landbruk og matvaresikkerheit er sensitive tema for alle land, og det er tydeleg at det er vanskeleg å bli samde, seier Bodhild Fjelltveit, 1. nestleiar i Norges Bondelag, som har vore del av Norges delegasjon i Kamerun desse dagane.

Reform i det blå

Det var ikkje venta store avgjerder på landbruk. Men heller ikkje på reform, hovudtemaet for ministermøtet, klarte medlemslanda å bli samde. Forhandlingane var leia av utanriksminister Espen Barth Eide. Lenge såg det ut som ein skulle bli samde om ein tekst på dette området, som dreia seg om å starte diskusjonar om m.a. korleis ein kan betre og effektivisere måten organisasjonen tek avgjerder, få meir rettferdige konkurransevilkår mellom medlemslanda og byrdefordelinga mellom u-land og i-land.

Men når ein byrja diskutere eit tredje tema, som dreier seg om å forlenge eit midlertidig forbod mot toll på elektronisk handel, vart også diskusjonen om reform trekt inn igjen, og ein enda opp med å forlate semja også på dette området. Ein enda difor opp med inga semje om tekstar på landbruk, reform og elektronisk handel på ministermøtet, som er Verdas Handelsorganisasjon (WTO) sitt høgste organ. No vil ein ta diskusjonane tilbake til WTO-hovudkvarteret i Genève. Neste ministermøte er etter planen om to år.

- Det hadde vore bra for tilliten til WTO og det regelstyrte globale handelssystemet i denne turbulente tida, om dei hadde klart å bli samde om ein tekst på reform, men slik gjekk det ikkje. Sjølv om alle er samde om at ein treng å reformere systemet for å bli meir relevant, er det ikkje lett å få 166 medlemsland til å bli einige om korleis det skal gjerast, seier Fjelltveit.

Nyttig å vere der

Bodhild Fjelltveit var del av den norske delegasjonen, saman med representantar for LO, NHO, Sjømat Norge, Forum for utvikling og miljø og fire stortingspolitikarar. Slik fekk ho også sitte inne på galleriet og høyre på deler av forhandlingane, og delegasjonsorientering kvar morgon.

- Det var interessant å høyre på innlegga, synspunkta og argumenta frå dei ulike landa, og det er viktig at landbruksinteressene er representert i delegasjonen, seier Bodhild Fjelltveit.

Bondelagets utsendinger: Bodhild Fjelltveit og Hildegunn Gjengedal.Ho deltok også på fleire møte, og hadde springande kontakt med generalsekretær, leiar og andre medlemmer i World Farmers’ Organisation (WFO), som også var på møtet.

- Det er veldig nyttig å ha dette nettverket slik at vi kan opplyse kvarandre og analysere saman kva som skjer i møtet, og kva det betyr for bøndene. WFO har siste åra også fått meir tilgang og innflytelse i WTO-systemet, mellom anna gjennom å delta i ei rådgjevande gruppe til generaldirektøren, og å arrangere paneldiskusjonar på det årlege offentlege forumet arrangert av WTO i Genève, seier Fjelltveit. 

No blir diskusjonane om både landbruk, reform og andre handelssaker flytta tilbake til WTO-hovudstaden Genève i Sveits.

- WTO har stor innflytelse på rammevilkåra til norske bønder gjennom å bestemme reglar for støtte og tollvern. Det er berre to år sidan vi måtte ta mjølka ut av målprissystemet nettopp på grunn av WTO-regelverket, så vi må følgje med og passe på at det ikkje blir vedteke forslag som slår negativt ut for norsk landbruk, seier Bodhild Fjelltveit.