Verdas Handelsorganisasjon (WTO) fekk ein etterlengta opptur sist desember på Bali. Då klarte medlemslanda i siste liten å bli samde om ein minipakke av ei avtale. Som del av avtala skulle medlemmene innan utgangen av juli bli samde om dei siste detaljane for gjennomføring av tiltak for å få handelen til å gli betre, såkalla handelsforenkling.

Men etter harde forhandlingar i hovudkvarteret i Geneve fram til siste slutt, klarte ikkje medlemslanda å bli samde. Hovudskulda blir retta mot India, som ikkje ville går med på ei avtale om handelsforenkling så lenge ein ikkje var komne lenger i forhandlingane om tiltak for matsikkerheit.

Matsikkerheit igjen i fokus

Det som lenge heldt på å felle heile avtala i haust, var diskusjonar rundt kva tiltak som skulle vere tillate for å sikre tilgang på nok mat i utviklingsland. India hadde innført eit nytt oppkjøpsprogram for utdeling av mat til fattige. Sidan oppkjøp ikkje skjer til marknadspris, blir dette rekna som handelsforstyrrande støtte. India risikerte dermed å bryte WTO-avtala. På Bali vart ein samde om å få til ei permanent løysing på dette spørsmålet innan fire år. I mellomtida ville ein ikkje gå til sak mot u-land som har introdusert slike program.

India meiner no det har teke altfor lang til å få i gang diskusjonar rundt ei permanent løysing for matsikkerheit. Mange utviklingsland er også kritisk til avtalen om handelsforenkling, og fryktar at det vil gi auka import frå i-landa. India nekta å underteikne ei avtale om handelsforenkling før ein har funne ei løysing på spørsmålet rundt matsikkerheit.

Brende skuffa

- Utviklingsland som India må ha fridom til å bruke matvareservar for å brødfø sine fattige utan å risikere å bryte sine internasjonale plikter, sa den indiske handelsministeren Nirmala Sithararam etter brotet, ifølgje Washington Post. Ho peika på at land må kunne garantere ein viss minimumspris til sine fattige bønder. India har skifta regjering etter avtalen vart underteikna på Bali.

Noregs utanriksminister Børge Brende er skuffa over at det ikkje vart ei løysing i Geneve, og fryktar det kan setje heile resultatet på Bali i fare. Han kallar utviklinga eit alvorleg tilbakeslag.

WTOs generaldirektør Roberto Azevedo har no bede medlemslanda bruke ferien i august til å reflektere lengje og vel over kva rekkevidde eit slikt tilbakeslag kan gi.