India og USA har funne ei løysing på striden rundt støtte til matsikkerheitsprogram i WTO. Dermed kan det bli nye bevegelsar i dei fastlåste WTO-forhandlingane. Sidan i sommar har forhandlingane stått i ro i påvente av at det skulle bli ei semje om dette temaet.

Ville ikkje underteikne

Det vart sett på som eit gjennombrot då WTO-medlemmene i desember i fjor vart samde om ei miniavtale på WTOs ministermøte på Bali. Som ein del av pakken vart ein samde om tiltak for å få handelen til å flyte lettare over grensene, såkalla handelsforenkling. Då avtala skulle bli formelt vedtatt sist sommar ville ikkje India underteikne avtala før ein var komne lenger på ein annan del av avtala som omhandla reglar om støtte til matsikkerheitsprogram for utviklingsland. India har allereie innført program som gjer det mogleg å kjøpe opp matvarer for matsikkerheitslager til over marknadspris. Men ein er enno ikkje samde om eit permanent regelverk for denne typen tiltak. India meinte ein måtte få på plass eit slikt regelverk før dei kunne signere avtala om handelsforenkling.

Fredsklausul til avtale er inngått

Indias handelsministerIndia har no gått med på å skrive under avtala om handelsforenkling mot at ein har klargjort regelverk for ein fredsklausul som sikrar at medlemsland ikkje går til sak mot India og andre land som har innført denne typen program. Ifølgje avtala skal arbeidet med å finne ei permanent løysing for denne typen støtte intensiverast.

USAs handelsrepresentant Michael Froman kallar dette eit gjennombrot som vil få WTO-forhandlingane på skinner igjen. Etter planen skulle medlemslanda i løpet av året ha klart eit arbeidsprogram for dei vidare forhandlingane. Men dette arbeidet stoppa opp då avtala om handelsforenkling ikkje vart vedteken som planlagt sist sommar.

WTOs generaldirektør Roberto Azevedo er glad for India-USA-avtala: - Dette gjennombrotet representerer eit viktig steg i arbeidet med å få Bali-pakken og det multilaterale handelssystemet tilbake på skinner. Avtala mellom India og USA må godkjennast av alle WTO-medlemmene før den blir gjeldande.